Kunduz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 36°43′43″N 68°52′5″E
Kunduz (قندوز)
Kundûz, Qonduz, Qondûz, Konduz, Kondûz, Kondoz, Qhunduz
by
Afghan Business School Kunduz.jpg
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Koordinatar 36°43′43″N 68°52′5″E
Folketal 268 893 (2012)
Wikimedia Commons: Kunduz

Kunduz er ein by i Kunduz-provinsen nord i Afghanistan, nær grensa mot Tadsjikistan. Han har eit folketal på rundt 268 900,[1] medan Kunduz-distriktet har eit folketal på rundt 304 600.[2]

Kunduz ligg 250 km nord for Kabul, ca. 400 moh. Han har vegsamband med Mazar-e Sharif i vest, Sher Khan Bandar i nord og Kabul i sør. Byen er eit handelssenter i eit fruktbart kunstvatningsdistrikt der ein mellom anna dyrkar bomull, melonar og ris.

Byen ligg i den historiske baktriske regionen Tokharistan.

I antikken var byen kjend som Drapsaka og var eit viktig buddhistisk senter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The State of Afghan Cities 2015». Henta 11. oktober 2015. 
  2. «Settled Population of Kunduz province by Civil Division, Urban, Rural and Sex-2012-13» (PDF). Henta 12. januar 2014. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Afghanistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.