Bladmosar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bladmosar
Moss.jpg
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Bladmosar Bryophyta

Bladmosar er ei gruppe landplantar utan blomar som formeirer seg ved hjelp av sporar. Dei kan skildrast som dei mjuke og grøne vekstane ein finn på fuktige stader, som i skogen og på berg. Plantane i gruppa har dei kjenneteikna at gametofytten har blad, og at rottråden (rhizoid) er fleircella.

Det finst rundt 12 000 artar av bladmosar.[1] Dei utgjer ei svært viktig plantegruppe, i og med at dei ofte er den første vegetasjonen som veks på berre landområde. I nokre habitat utgjer dei dei einaste landplantane, men bladmosar finst også i dei fleste andre miljø saman med andre plantar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Muscinae frå Kunstformen der Natur (1904) av Ernst Haeckel.

Ein bladmose kan ha ein enkel eller greina stamme som ofte er bladrik. Blada er enkle, ofte berre danna av eit enkelt cellelag med eller utan nerver. Dei har ikkje eigentlege røter, men kan vera forankra i bakken med rotliknande trådar kalla rhizoidar. Nye individ kan veksa ut frå rhizoidane. Blada er dekt av vokslag og har porer, som i motsetnad til spalteopningane hjå karplantar ikkje kan lukkast. Vatn og oppløyste næringsstoff blir tekne direkte opp via blada. Sidan mosar ikkje har vev som kan transportera vatn inni planten, er plantane alltid låge. Dei finst som regel i fuktige miljø, men ein mose kan tåla langvarig tørke utan at cellene tar skade.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt blei bladmosar klassifisert saman med levermosar og nålkapselmosar i divisjonen Bryophyta (Bryophyta sensu lato), der mosar danna klassen Musci. Denne definisjonen gjorde Bryophyta til ei parafyletisk eller unaturleg gruppe som i staden er blitt delt inn i bladmosar (dagens Bryophyta), levermosar (Marchantiophyta) og nålkapselmosar (Anthocerotophyta).

Bladmosar (Bryophyta sensu stricto) er delt inn i åtte klassar:

divisjon Bryophyta
klasse Takakiopsida
klasse Sphagnopsida
klasse Andreaeopsida
klasse Andreaeobryopsida
klasse Oedipodiopsida
klasse Polytrichopsida
klasse Tetraphidopsida
klasse Bryopsida


levermosar






nålkapselmosar



karplantar



Bryophyta

Takakiopsida



Sphagnopsida




Andreaeopsida



Andreaeobryopsida


Neomusci

Oedipodiopsida


Cenomusci

Polytrichopsida


Altamusci

Tetraphidopsida



Bryopsida










Den noverande fylogenien og undergruppene til Bryophyta.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Goffinet, Bernard; William R. Buck (2004). «Systematics of the Bryophyta (Mosses): From molecules to a revised classification». Monographs in Systematic Botany. Molecular Systematics of Bryophytes (Missouri Botanical Garden Press) 98: 205–239. ISBN 1-930723-38-5. 
  2. Buck, William R. & Bernard Goffinet. (2000). "Morphology and classification of mosses", pages 71-123 in A. Jonathan Shaw & Bernard Goffinet (Eds.), Bryophyte Biology. (Cambridge: Cambridge University Press). ISBN 0-521-66097-1.