Per Brahe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Brahe den yngre.

Per Brahe den yngre (18. februar 160212. september 1680) var ein svensk greve og riksdrott frå 1640 til han døydde.

Per Brahe blei utnemnd til riksråd av kong Gustav II Adolf av Sverige i 1630. I 1637 blei han generalguvernør over Finland, og i 1641 blei han utnemnd til den fremste embetsmannen i riket som riksdrott. I 1650 blei han forlena med friherreskapet Kajana i Finland, etter at han tidlegare hadde hatt det såkalla Braheslott len i Savolax.

Som guvernør over Finland bidrog Brahe til grunnlegginga av byane Tavastehus og Nyslott (1639), Brahestad, Kristinestad, Kristina og Villmanstrand (1640), Kajana (1651) og Brahea i nordre Karelen og Veckelax Nystad (1653). Han medverka også til at Helsingfors blei flytta nærare havet.

I 1640 var Brahe med på å skipa Kungliga akademien i Åbo, i dag vidareført som Helsingfors universitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Sverige og Finland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.