Kusymre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kusymre


Primula vulgaris eF.JPG

Systematikk
Rike: plantar
Rekkje: blomsterplantar
Orden: Ericales
Familie: nøkleblomfamilien
Slekt: Primula
Vitskapleg namn
Primula vulgaris

Kusymre (Primula vulgaris) er ein plante i nøkleblomfamilien. Slektsnamnet Primula tyder «den fyrste om våren», og viser til at dette er ein vårblomstrande plante. Han har einskildståande gulkvite blomar.

Planten er vanleg i kyststrøk frå Aust-Agder til Sør-Trøndelag. Han veks i fuktig skyggefull skog og gressbakkar, og trivst òg i maritimt miljø nær sjøen.

Medisin[endre | endre wikiteksten]

Kusymre er ikkje giftig, både blomar og blad kan etast, og skal ha ein blodreinsande effekt. Planten har vore nytta som medisinsk urteplante som slimløysande, krampeløysande, svakt smertestillande og roande middel.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kusymre er fylkesblome for Hordaland. Lokalt på Vestlandet blir han kalla «kublom». Planten har og andre lokale namn som «kusømra», «gulveis» og «liblom». Namnet kusymre kan kome av at han blomar på den tida då kyrne kunne sleppast på beite.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]