Hopp til innhald

Kvithalesymjesnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvithalesymjesnipe
Kvithalesymjesnipe, Phalaropus tricolor Foto: Dominic Sherony
Kvithalesymjesnipe, Phalaropus tricolor
Foto: Dominic Sherony
Utbreiing
Utbreiinga av kvithalesymjesnipe
Utbreiinga av kvithalesymjesnipe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Phalaropus
Art: Kvithalesymjesnipe P. tricolor
Vitskapleg namn
Phalaropus tricolor

Kvithalesymjesnipa (Phalaropus tricolor) er ein liten vadefugl som hekkar på prærien i Nord-Amerika, overvintrar i sentrale Andes i Sør-Amerika og er ein sjeldan gjest i Vest-Europa.

Kvithalesymjesnipa er den største av alle symjesnipene, ca. 23 cm i lengd, har «symjeflikar» og eit rett, tynnt svart nebb. Dei hekkande hofuglane har grå og brun oversida, med kvit underside, ein raudleg hals og raude sideflekker. Hannar i hekkedrakt har bleikare farger, med en brun rygg, og dei raudlege flekkene er reduserte eller fråverande. Ungfuglar er gråe og brune over, med kvitaktig underside. Den tydeleg svarte augemaska manglar på dei yngste. Om vinteren er fjørdrakta hovudsakleg grå over og kvit under, men den mørke augeflekken er alltid til stades.

Kvithalesymjesnipa er uvanleg sterkt knytt til salt og beitar i store tal under migrasjon på saltvassjøar som for eksempel Mono Lake i California og Store saltsjø i Utah, ofte saman med symjesnipe. Til likskap med polarsymjesnipa og symjesnipa har en kvithalesymjesnipa omvendte kjønnsroller, men til forskjell frå dei andre to artane er ikkje kvithalesymjesnipa pelagisk.

Sjølv om denne arten er svært vanleg, har populasjonen gått ned i enkelte område på grunn av tap av våtmarkshabitat på prærien. Nokon få kvile og beiteplassar er av avgjerande tyding under migreringa.

Sporadisk i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Per 1. september 2021 har artsobservasjoner.no fire registreringar i Noreg, den siste i Flakstad kommune i august 2021.[1]

  • Denne artikkelen bygger dels på «Wilson's Phalarope» frå Wikipedia på engelsk, den 26. september 2009, artikkelen gav føljande kjelder:
    • Hayman, Peter; Marchant, John & Prater, Tony (1986): Shorebirds: an identification guide to the waders of the world. '' Houghton Mifflin, Boston. ISBN 0-395-60237-8
    • Herrera, Néstor; Rivera, Roberto; Ibarra Portillo, Ricardo & Rodríguez, Wilfredo (2006): Nuevos registros para la avifauna de El Salvador. Boletín de la Sociedad Antioqueña de Ornitología 16(2): 1-19. [Spansk med samandrag på engelsk] PDF tekst
Referansar
  1. Artobservasjoner - Rapportsystem for arter søk på hvithalesvømmesnipe Henta 5. september 2021

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]