Kategori:Streiffuglar i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oversikt over fugleartar som blir registrerte i fastlands-Noreg utan å vere rekna som etablerte artar i landet. Nokre blir observerte ein eller fleire stader årleg, andre dukkar opp med 5-10 års mellomrom. Dei som ikkje er inkludert i denne gruppa (ekskluderte) er artar som:

  1. er noverande hekkefuglar i Noreg, døme heipiplerke og stokkand
  2. dei som årvisst passerer fastlands-Noreg på langdistansetrekk, døme ringgås
  3. artar som brukar norsk område som vinterkvarter, men aldri hekkar i landet, døme gulnebblom
  4. artar med berre ein eller eit par heilt tilfeldige sikre observasjonar i historisk tid, slike artar er willetsnipe, ørkenløpar, bobolink, trompetarfink m.f.
  5. dei som har raudlistekategori for Noreg, jamvel om dei tidlegare var stabile hekkefuglar, men er i ferd med å forsvinne frå norsk område, døme viersporv