Kvitveis
| Kvitveis | |
Kvitveis | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Soleieordenen Ranunculales |
| Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
| Underfamilie: | Ranunculoideae |
| Stamme: | Anemoneae |
| Slekt: | Anemone |
| Art: | Kvitveis A. nemorosa |
| Vitskapleg namn | |
| Anemone nemorosa | |
Kvitveis, kvitsymre eller geitsymre (Anemone nemorosa) er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Dei kvite blomane hennar pregar skogbotnen kvar vår, i Noreg i april-mai. Kvitveis er giftig. Symrenamnet speglar attende på at planta har vore eit merke for når geitene kunne sleppast ut på beite. Når geitsymra blomstra var sumarsesongen i gang for geitene, og seinare, når kusymra blomstra, kunne kyrne starte sin sumarsesong ute på beite.
Planten vert 7-20 cm høg og dannar store bestandar. Han er spesielt tilpassa livet i lauvskogar. Dei kvite blomane spring ut før blada på trea, og blir slik dei første til å utnytta næringsstoff som er blitt frigjorte i løpet av vinteren. Når lauvet spring visnar kvitveisen, og jordstenglane tek vare på næringa til neste år.