Kystalpane
Utsjånad
Kystalpane | |||
fjellkjede | |||
Land | Frankrike, Italia | ||
---|---|---|---|
Kystalpane 44°13′53″N 7°10′36″E / 44.231389°N 7.176667°E | |||
Wikimedia Commons: Maritime Alps |
Dei maritime Alpane eller Kystalpane er ei fjellkjede i den sørvestlege delen av Alpane. Ho dannar grensa mellom det franske departementet Alpes-Maritimes og den italienske provinsen Cuneo. På andre sida av Col de Tende ligg Dei liguriske Alpane og på den andre sida av Maddalena-passet ligg Dei cottiske Alpane. Mercantour nasjonalpark er ein del av Dei maritime Alpane.
Vatn frå Dei maritime Alpane renn ut i elvane Roya, Var og Verdon og sideelevane deira på den franske sida, og i Stura di Demonte og andre sideelvar til Tanaro og Po på den italienske sida.
Fjelltoppar
[endre | endre wikiteksten]Dei høgste fjelltoppane i Dei maritime Alpane er:
Monte Argentera | 3 297 m | Mont Ténibre | 3 032 m | |
Cime du Gélas | 3 135 m | Cime de l'Enchastraye | 2 955 m | |
Monte Matto | 3 087 m | Mont Bégo | 2 873 m | |
Mont Pelat | 3 053 m | Mont Mounier | 2 818 m | |
Mont Clapier | 3 046 m | Roche de l'Abisse | 2 755 m |
Fjellovergangar
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste fjellovergangane i Dei maritime Alpane er:
Namn | Stad | Type | Høgd (m) |
---|---|---|---|
Col de la Bonette | Tinéedalen til Barcelonnette | veg | 2 725 |
Col de Restefond | Col de la Bonette til Barcelonnette | veg | 2 680 |
Bassa di Druos | Tinéedalen til Terme di Valdieri | ridesti | 2 630 |
Colle di Ciriegia | Saint-Martin-Vésubie til Terme di Valdieri | ridesti | 2 551 |
Col des Granges Communes | Saint-Étienne-de-Tinée til Barcelonnette | ridesti | 2 512 |
Col de Pourriac | Tineedalen til Argentera | sti | 2 506 |
Colle di Guercia | Tineedalen til Vinadio | sti | 2 451 |
Col de la Lombarde | Isola til Vinadio | veg | 2 350 |
Col de la Cayolle | Vardalen til Barcelonnette | veg | 2 327 |
Col du Sabion | Tende til Valdieri | ridesti | 2 264 |
Col d'Allos | Verdondalen til Barcelonnette | veg | 2 250 |
Maddalena-passet | Barcelonnette til Cuneo | veg | 1 995 |
Col de Tende | Tende til Cuneo | veg og tunnel jarnbanetunnel | 1 873 |