Léon Foucault

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Léon Foucault

Léon Foucault (1819-1868)
FøddJean Bernard Léon Foucault
18. september 1819
Paris i Frankrike
Død11. februar 1868 (48 år)
Paris
BustadFrankrike
Nasjonalitetfransk
Områdefysikar
Yrkefysikar, astronom
InstitusjonarParis observatorium
Alma materCollège Stanislas de Paris
Kjend forFoucaultpendelen
MedlemRoyal Society
Société philomathique de Paris
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg

Jean Bernard Léon Foucault (18. september 181911. februar 1868) var ein fransk fysikar som særleg er kjent for dei målingane han i samarbeid med Fizeau gjorde av lysfarten og om skilnaden mellom lysfarten i vatn og i luft. Lysfarten i vatn er 3/4 av lysfarten i luft og i vakuum. Foucault utførte det kjende pendelforsøket, som direkte viser at jorda dreier seg om sin polakse. I 1852 konstruerte han eit gyroskop.

Foucaults pendelforsøk[endre | endre wikiteksten]

Vincenzo Viviani (1622–1703) gjorde i 1661 nokre laboratorieforsøk med pendel, som lét seg forklare ved å tenkje seg at jorda roterer. I 1851 gjorde Foucault det same forsøket med ei stor kule i ein 67 m lang metalltråd hengt opp i toppen av kuppelen i Pantheon i Paris, ein såkalla foucaultpendel.

Svingeplanet til pendelen sin dreiar seg langsamt i same retning som rørsla til sola og stjernene. Om ein tenkjer seg pendelen hengt opp over ein av polane til jorda, ville pendelsvingningene gå i eit plan som ligg fast i tilhøve til stjernene, medan Jorda roterer under, ei hel omdreiing på 24 timar. Pendelen ville i tilhøve til jorda dreie seg 15° i timen. Stadig lenger vekk frå polane vil dreiinga minke og bli null ved ekvator.

Den store tilstrøyminga til Pantheon og den publisiteten eksperiment til Foucault fekk, gjorde at namnet hans vart knytt til det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]