Léon M'ba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Léon M'ba

Fødd9. februar 1902
Libreville
Død28. november 1967 (65 år)
Statsborgar avFrankrike, Gabon
Yrkepolitikar
Medlemloge Akademos
Alle verv
  • president i Gabon (1960–1964)
  • president i Gabon (1964–1967)
  • Gabons statsminister (1957–1961)
  • gabonsk utanriksminister (1964–1964) Sjå dette på Wikidata

Léon M'ba (9. februar 190228. november 1967) var ein gabonsk aktivist og politikar, og den første presidenten i landet.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

M'bare var medlem av folkegruppa fang,[1] og var fødd i Libreville[2] i ein relativt privilegert byfamilie.[3] Etter studiar ved eit seminar, hadde han ulike strøjobbar før han byrja i den koloniale administrasjonen som tollar.[3] Den politiske aktivismen hans til fordel for innfødde afrikanarar uroa det franske embetsverket, og som straff for aktiviteten sin, blei han dømt til ei fengselsstraff etter eit mindre brotsverk[4] som normalt berre ville ha medført bøter.

I 1924 fekk M'ba ein ny sjanse av embetsverket, og blei utnemnd til sjef for kantonen i Estuaireprovinsen.[5] Etter å ha blitt skulda for å vera delaktig i mordet på ei kvinne i nærleiken av Libreville, og sjølv om det ikkje blei gjeve prov for dette, blei han i 1931 fråteken stillinga[5] og dømt til tre års fengsel og 10 år i eksil. Han var i eksil i det franske territoriet Oubangui-Chari, fyrst i byen Bambari og så i Bria.[6] I denne tida skreiv han verk som dokumenterte stamme-sedvanerett for fangfolket, som «Essai de droit coutumier pahouin», gjeve ut Bulletin de la société des recherches congolaises i 1938,[7] og kommuniserte med allierte i Libreville. Uroa over situasjonen gav guvernor-general Antonetti ordre i 1934 om at M'ba skulle overvakast.[8] Han blei tilsett av lokale administratorar, og fekk lovord frå overordna for arbeidet sitt som ein innfødd person administrasjonen kunne stola på.[9] I 1942 blei straffa hans redusert.[6] Etter frigjevinga si blei han tenestemann i Brazzaville, der prestisjen hans auka.[10] Han blei likevel verande persona non grata i Gabon fram til den franske koloniadministrasjonen til slutt tillét han å venda tilbake heimlandet i 1946.[6]

M'ba byrja den politiske karrieren sin i 1946, med skipinga av Comité mixte gabonais den 12. august.[11] Dette partiet var knytt til det fleirnasjonale, antikoloniale Rassemblement Démocratique Africain leia av Félix Houphouët-Boigny.[12][13] Han blei vald inn i territorialforsamlinga til Gabon ved andre forsøk, i 1952.[14] I 1953 gjekk han inn i partiet Bloc Demacratique Gabonaise, leia av Paul Gondjout.[14] Ved kommunevalet i 1956 blei M'ba vald til borgarmeister av Libreville[14] med 65,5 % av stemmene. 23. november blei han utnemnd til den fyrste borgarmeisteren i byen.[15]

Han blei utnemnd til visepresident for det styrande rådet under den franske guvernøren 21. mai 1957.[12] I 1958 tok han initiativ til å inkludera Gabon meir i det fransk-afrikanske fellesskapet enn før. 27. februar 1959 blei han vald til statsminister,[16] og hadde dette embete til 21. februar 1961, då han blei vald til president. Han blei den fyrste presidenten av det sjølvstendige Gabon etter sjølvstendet frå Frankrike den 17. august 1960, og utøvde etterkvart makta si under nære diktatoriske former og med sterk fransk lojalitet.

Den politiske nemesisen hans Jean-Hilaire Aubame overtok presidentposten ei kort tid gjennom eit statskupp den 18. februar 1964 ved hjelp av militærpersonell leda av løytnant Jacques Mombo og Valere Essone, men den gamle ordninga blei gjeninnført nokre dagar seinare då Frankrike greip inn. M'ba blei gjenvald i mars 1967, men døydde av kreft i november 1967. Han blei etterfølgd av visepresidenten sin, Albert-Bernard Bongo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biteghe 1990, s. 24.
  2. Bernault 1996, s. 215.
  3. 3,0 3,1 Biteghe 1990, s. 25.
  4. Keese 2004, s. 144.
  5. 5,0 5,1 Keese 2004, s. 146.
  6. 6,0 6,1 6,2 Biteghe 1990, s. 26.
  7. Keese 2004, s. 148.
  8. Keese 2004, s. 147.
  9. Keese 2004, s. 149.
  10. Pederson, Nicholas (May 2000), French Involvement in Gabon, University of Illinois at Urbana-Champaign, arkivert frå originalen 2. september 2007, henta 9. august 2008 
  11. Messi Me Nang Clotaire, N’Foule Mba Fabrice & Nnang Ndong Léon-Modeste Le consensus politique au Gabon, de 1960 à nos jours Arkivert 2015-12-10 ved Wayback Machine.
  12. 12,0 12,1 Taylor 1967, s. 140.
  13. Bernault 1996, s. 220.
  14. 14,0 14,1 14,2 Yates 1996, s. 103.
  15. Bernault 1996, s. 228.
  16. Biteghe 1990, s. 29.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Léon M'ba