Endemorene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Endemorenar som halvsirklar i Valle del Silencio i Chile.

Endemorenar eller skruvrand er vollar av stein, grus og leire som er avsett (lagt igjen) framfor ein isbre i ei tid der breen har stoppa. Ei rekkje av slike vollar viser kor langt breen har trengt fram til ulike tider. Generelt kallar ein morenar for israndavsettingar.

Endemorenar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finn ein opptil 6-7 endemorenar framfor tidlegare brear. Har breen gått fram i ein dal, har endemorenen gjerne form som ein halvsirkel. Mange innsjøer er demma opp av endemorenar, som bresjøar.

1700-talet kom det mange endemorenar som i dag kan ligge mange kilometer frå dagens brefront, til dømes framfor fleire utløp frå Jostedalsbreen. Vidare kan ein finne endemorenar frå siste istid over store delar av det lågtliggande Noreg.

Larvik ligg på endemorenen som demmer opp Farrisvannet. Den største bøkeskogen i Noreg veks på endemorenen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]