L’Équipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
L'Équipe
LandFrankrike
TypeSportsavis
Grunnlagd1946
EigararÉditions Philippe Amaury
Grunnlegger(ar)Jacques Goddet
SpråkFransk
Opplag355 333 (2006)
Daglig leiarLaurent Prud’homme
HovudkvarterParis, Frankrike
OCLC436540922
Nettstadhttp://www.lequipe.fr
L’Équipe under Tour de France.

L’Équipe (som er fransk for ‘laget’ i meininga ‘fotballag’ og liknande) er ei fransk dagsavis som skriv om sport og idrett og nyhende knytt til dette, og er ei av dei mest leste dagsavisene i landet. Avisa, som no er eigd av selskapet Groupe Amaury, vart skipa 28. februar 1946 som ein etterfølgjar til sportsavisa L’Auto («Bilen»), som hadde vorte forbode i 1944 etter den tyske okkupasjonen av store delar av Frankrike under den andre verdskrigen. Jacques Goddet, som hadde leia L’Auto under den tyske okkupasjonen, nytta seg av sitt samband med motstandsrørsla for å få rehabilitert avisa og utgjeve ho under ein annan tittel, og L’Équipe kom ut tre gongar i veka frå 28. februar 1946 med undertittelen «le stade, l'air, la route». Frå 1948 kom L’Équipe ut som dagsavis.

I dag har L’Équipe fått undertittelen Le Quotidien du sport et de l’automobile («Dagsavisa for sport og bil») og tek for seg alle typar av sport, men med hovudvekt på fotball, rugby, motorsport og sykkelsport. Dessutan gjev dei ut bøker om sport, og frå 1980 eit vekentleg sportsmagasin kalla L’Équipe Magazine. Frå 2006 har det òg kome ut eit L’Équipe Féminine, og frå 1998 har det vorte drive ein fjernsynskanal med namnet L’Équipe TV.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

L’Équipe under Tour de France
Jacques Goddet under Tour de France i 1962.

Henri Desgrange, som i si tid var sjefsredaktør i avisa L’Auto, forgjengaren til L’Équipe, skipa i 1903 det vidgjetne sykkelrittet Tour de France. Jacques Goddet (1905-2000), som i 1931 hadde overteke etter Henri Desgrange som direktør for avisa L'Auto, vart i 1936 direktør for Tour de France cycliste («sykkel-Tour de France» som dette rittet vert kalla for å skilje det frå andre former for Tour de France), og hadde denne stillinga fram til 1987.

Tour de France vert arrangert og er eigd av selskapet Amaury Sport Organisation (A.S.O.), som inngår i den gruppa som òg er eigar av L’Équipe. Den same gruppa, Groupe Amaury, står òg attom avisene og magasina Le Parisien/Aujourd'hui en France, L'Echo Républicain, France Football og Vélo Magazine, og altså L'Équipe og L'Équipe Magazine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: L’Équipe