Hopp til innhald

Le Parisien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Le Parisien

LandFrankrike
TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd1944
Pris1,5 euro
EigararÉditions Philippe Amaury
SpråkFransk
Politisk posisjonNøytral[1]
Opplag229 638 (2014)
HovudkvarterFrankrike
ISSN1161-5435
OCLC436625044
Nettstadhttp://www.leparisien.fr

Le Parisien og Aujourd'hui en France er ei fransk dagsavis med to namn ved å heite Le Parisien for utgåva seld innanfor Île-de-France, og Aujourd'hui en France for ei nasjonal utgåve. Hovudkontoret ligg i forstadskommunen Saint-Ouen rett nord for Paris, i departementet Seine-Saint-Denis. Dessutan har avisa distriktskontor ikring i Frankrike, og er ein kombinasjon av nasjonal avis og regional avis. Eigar av avisa er selskapet LVMH - Moët Hennessy Louis Vuitton, som ligg under holdingselskapet Groupe Arnault.

Fram til 1986 hadde avisa namnet Le Parisien libéré. Ho kom ut fyrste gongen 22. august 1944 med ein proklamasjon om at Paris sigra over den tyske okkupasjonen av byen under den andre verdskrigen (som i røynda var fullført tre døger seinare). Avisa var skipa av Émilien Amaury med det målet å gje ut ei «journal populaire de qualité», «ei folkeleg kvalitetsavis».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]