Laacher See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laacher See
innsjø
Maria Laach Lake.JPG
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Innsjøtype Kratersjø
Høgd over havet 275 moh
Areal 3,3 km²
Største djupn 53 m
Kystlengd1 km
Koordinatar 50°25′N 7°16′EKoordinatar: 50°25′N 7°16′E
Wikimedia Commons: Laacher See
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Laacher See er ein kratersjø i Rheinland-Pfalz i Tyskland, nær byane Koblenz og Mayen. Han fyller eit vulkansk krater i fjellkjeda Eifel, det einaste vulkankrateret i Sentral-Europa. Krateret er ein del av vulkanfeltet Aust-Eifel.

Innsjøen ligg 275 meter over havet, har ein omkrets på åtte km og er omringa av høge åsar. Vatnet har ein blåfarge, er svært kaldt og bittert på smak. Innsjøen har ingen naturlege utsig, så vassnivået varierer med fordamping og mengda nedbør. På vestsida ligg benediktinarklosteret Maria Laach, som vart grunnlagd i 1093 av Henry II, pfalzgreve av Rhinen.

Krateret vart danna etter at vulkanen Laacher hadde utbrot for mellom 12 900 og 11 200 år sidan. Den gjenverande skorpa kollapsa ned i eit tomt magmakammer berre to eller tre dagar etter utbrotet.[1] Dette utbrotet var 50 gongar større enn utbrotet til Mount St. Helens i 1980. Ein kan finne restane av dette utbrotet over store delar av Europa, og vert ofte nytta til å datere sediment. Ein kan finne mange unike mineral i området,[2] og steinbrot der ein vinn ut byggjestein.

Laacher er framleis rekna for å vere ein aktiv vulkan, noko seismisk aktivitet og store termale anomaliar under innsjøen viser. Framleis strøymer det opp karbondioksid ved søraustkysten,[3] og forskarar meiner at det kan skje eit nytt utbrot kortid som helst.

Laacher See

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Laacher See

Kjelder[endre | endre wikiteksten]