Labweh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°11′50″ N 36°21′9″ E
Labweh
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Baalbek distrikt
Koordinatar 34°11′50″ N 36°21′9″ E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Labweh

Labweh (arabisk اللبوة, Laboue, Labwe eller Al-Labweh) er ein landsby som ligg 950 meter over havet ved foten av Anti-Libanonfjella i Baalbek distrikt i Libanon.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Labweh har vore busett sidan yngre steinalder, sidan minst det 7. tusenåret fvt. Ein trur at egyptarane kalla staden Lab'u, assyrarane Laba'u og hebrearane Lebo-hamath.[3] Dette har vore knytt til Hamath som er nemnt i Kongebøkene og Ezekielboka som den nordlege grensa til territoriet til kong Salomo.[4] Labweh tyder på assyrisk «hjarte» eller «senter», men det er òg føreslått at det kjem frå arabisk for «løve» eller «løvinne». Det er gjort fleire arkeologiske funn i landsbyen, som tre gamle grotter med romerske-bysantinske sarkofagar og ruinane av eit tempel. Det finst òg ruinar av ein bysantinsk bastion og ein romersk dam, som kan ha kome frå regjeringstida til dronning Zenobia. I følgje ei segn vart kanalane grave ut i berget for å sende vatn til landområda hennar i Palmyra i Syria.[1]

Labweh-kjeldene og elva[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg på ein ås 26 km nordaust for Baalbek, som har gjeve namn til Labwehkjeldene og elva Labweh, som er ei av kjeldene til Orontes.[2] Labwehelva renn kring 20 km gjennom ein steinete ørken, og fell så ned i ein innsjø og ei breiare elv til ein annan landsby kalla Er-Ras, som vert rekna som kjelda til Orontes. Denne flyt vidare nordaustover.[5][6]

Romersk tempel[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ruinar av eit romersk tempel i landsbyen, som er ein del av templa i Beqaadalen.[7] Berre ei blokk av den vestlege muren står att i dag. I moderne tid er det bygd eit hus inne i tempelet.[8] Det ligg kring 20 tempel mellom Labweh og Ain el-Baid.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Labweh» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2014.
  • Kirkbride, Diana., Early Byblos and the Bakaa, Volume 45 (Pages 43–60), Mélanges de l'Université Saint-Joseph (Beirut Libanon), 1969.
  • Copeland, Lorraine and Westcombe, Peter., Inventory of steinalderen Sites i Libanon Part 2: North - South - East Central Libanon Volume 42 (Pages 1–174) Mélanges de l'Université Saint-Joseph (Beirut Libanon), 1966.
  1. 1,0 1,1 Ba'albeck - Al-Hermal, Bekaa - Tourist Brochure
  2. 2,0 2,1 Royal Geographical Society (Storbritannia) (1837). The journal of the Royal Geographic Society of London. J. Murray. s. 99–. Henta 16. mars 2011. 
  3. Mazar (Maisler), B. (1946). «Topographical Studies V: Lebo-Hamath and the Northern Boundary of Kanaan». Bulletin of the Israel Exploration Society 12: 91–102. 
  4. Daniel Isaac Block (March 1998). The Book of Ezekiel: chapters 25-48. Wm. B. Eerdmans Publishing. s. 713–. ISBN 978-0-8028-2536-0. Henta 16. mars 2011. 
  5. Sir. William Smith, LLD, Ed. Dictionary of Greek and Roman Geography (1854)
  6. Society for the Diffusion of Useful Knowledge (Storbritannia) (1842). Penny cyclopaedia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge. C. Knight. s. 469–. Henta 17. mars 2011. 
  7. George Taylor (1967). The Roman temples of Lebanon: a pictorial guide. Dar el-Machreq Publishers. Henta 22. september 2014. 
  8. Othmar Keel (1997). The Symbolism of the Biblical World: Ancient Near Eastern Iconography and the Book of Psalms. Eisenbrauns. s. 158–. ISBN 978-1-57506-014-9. Henta 22. september 2014. 
  9. Baal: Bulletin d'archéologie et d'architecture libanaises. Retning Générale des Antiquités. 2001. Henta 22. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]