Laila Freivalds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laila Freivalds

Laila Freivalds (fødd 22. juni 1942) er ein svensk jurist og sosialdemokratisk politikar. Ho har vore justisminister i landet to gonger og vart utanriksminister då Anna Lindh vart drepen i 2003.

Freivalds blei fødd i Riga, men familien hennar flykta frå landet då det blei okkupert av Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Ho hamna i tysk flyktningleir. I 1947 kom ho med mor si og syskena sine til Landskrona i Sverige. Ho blei cand. jur. ved Uppsala universitet i 1970, og arbeida i det svenske rettsystemet og for forbrukarombodet.

Laila Freivalds var justisminister i perioden 1988-1991 og igjen 1994-2000. Ho hadde eigentleg trekt seg som politikar, men takka ja til stillinga som utenriksminister etter drapet på Anna Lindh.

Freivalds gjekk av som utanriksminister 21. mars 2006, etter kraftig kritikk mot hennar rolle i stenginga av websider som publiserte Muhammed-karikaturane og handteringa av tsunamikatastrofen. Ho har også vore innblanda i tvilsame økonomiske hendingar.[treng kjelde]