Lampedusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lampedusa
Sørkysten av Lampedusa
Sørkysten av Lampedusa
Geografi
Pelagie Islands map.png
Stad Middelhavet
Koordinatar 35°30′N 12°36′EKoordinatar: 35°30′N 12°36′E
Øygruppe Dei pelagiske øyane
Areal 25,48 km²
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Agrigento
Demografi
Folketal 6 025
Folketettleik 230 /km²

Lampedusa er den største av Dei pelagiske øyane, som høyrer til Italia, i Middelhavet. Ho ligg 205 km frå Sicilia og 113 km frå Tunisia. Hovudnæringa på øya er fiske, jordbruk og turisme. Mange asylsøkarar kjem til Europa via denne øya på veg nordover.

Lampedusa er den største delen av kommunen Lampedusa e Linosa, som òg inneheld dei mindre øyane Linosa og Lampione. Den førstnemnde er busett, medan den andre berre har eit automatisk fyr.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Administrativt høyrer Lampedusa til Italia, men geologisk er ho ein del av Afrika sidan havområde mellom øya og det afrikanske kontinentet ikkje er djupare enn 120 meter. Lampedusa er ei tørr øy utan vasskjelder og med uregelmessig nedbør. Dyre- og plantelivet er mykje likt det ein finn i Nord-Afrika.

Øya Isola dei Conigli, som ligg like sør for Lampedusa, er ein av dei få gjenverande stadane der karettskilpadden, som er utryddingstrua i Middelhavet. Stranda og naboøya er ein del av eit naturreservat.

Andre artar som lever langs kysten er manater og delfinar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lampedusa var ein landgangsstad og maritim base for fønikarar, grekarar, romarar og arabarar. Romarane bygde eit anlegg for produksjon av fiskesausen garum. Etter at arbarane gjekk til åtak på øya vart ho fråflytta.

Den første fyrsten av Lampedusa og Linosa var Giulio Tomasi, etterkomar av den kjende forfattaren Giuseppe Tomasi di Lampedusa, som fekk tittelen av Karl II av Spania i 1630.

I 1860 vart øya ein del av det nye Kongedømet Italia, men alt den nye regjeringa gjorde på øya var å opprette ein straffekoloni.

Under den andre verdskrigen vart øya erobra av britiske styrkar i Operasjon Corkscrew, som eit ledd i plannen om å ta Sicilia.

Det første telefonsambandet til Sicila vart først installert i 1960-åra. Same året vart det bygd eit kraftverk og vestsida av øya vart ein NATO-base.

15. april 1986 skaut Libya to eller tre Scudrakettar mot navigasjonsstasjonen på øya, som hemn for den amerikanske bombina av Tripoli og Benghazi. Missilane landa derimot i havet, like ved øya, og førte ikkje til noko skade.

Emigrering frå Afrika[endre | endre wikiteksten]

Mange asylsøkarar frå Afrika, Midtausten og Asia reiser til Lampedusa på veg til Europa. Ein hemmeleg avtale mellom den libyiske og italienske regjeringa i 2004 gjorde at Libya skulle ta imot utsende flyktningar, noko som førte til at mange emigrantar vart deportert frå Lampedusa til Libya i 2004 og 2005. Dette vart fordømd av Europa-parlamentet.[1]

I 2006 kom det rapportar om at ulovlege innvandrarar frå Afrika framleis betaler smuglarar i Libya for å verte transportert til Lampedusa. Frå her vert dei transportert til interneringsleirar på det italienske fastlandet og til slutt sloppe fri. Vedtak om utvisinga deira er ikkje framtvunge.[2]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Lampedusa har ferjesamband til Sicilia ved Porto Empedocle, nær Agrigento. Lampedusa har òg ein liten flyplass.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]