Agrigento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Agrigento
Plassering
Agrigento is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Agrigento
Borgarmeister
Geografi
Flatevidd
 - By

244 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

59 031
  217/km²
Koordinatar 37°19′″N 13°35′″EKoordinatar: 37°19′″N 13°35′″E
Høgd over havet 230 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 92100
Telefon-retningsnummer 0922
Nettstad: www.comune.agrigento.it

Agrigento (siciliansk Girgenti) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen AgrigentoSicilia og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Han var kjend som ein av dei førande byane i Magna Graecia, dei greske områda i Italia i antikken. og vart då kalla Acragasgresk (latin Agrigentum, arabisk Kerkent).

Det arkeologiske området i Agrigento, Valle dei Templi eller Tempeldalen, er skrive inn på UNESCO si verdsarvliste.

San Lorenzo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Agrigento vart grunnlagd på eit platå oppfor sjøen, nær dei to elvane Hypsas og Akragas, og ein rygg nordover som gav eit visst naturleg vern. Han vart grunnlagd rundt 582-580 fvt. av greske kolonistar frå Gela med namnet Akragas.

Akragas voks raskt og vart ein av dei rikaste og mest kjende greske koloniane i Magna Graecia. Han voks særleg fram under tyrannane Phalaris og Theron500-talet fvt. og vart eit demokrati etter at Theron sin son Thrasydaeus vart styrta. Sjølv om byen var nøytral i konflikten mellom Aten og Siracusa vart demokratiet styrta og byen plyndra av Kartago i 406 fvt. Akragas kom seg aldri heilt tilbake til sin tidlegare velstand, men kom seg litt under Timoleon på siste del av 300-talet fvt.

Didrachm, 490-483 fvt.

Byen vart plyndra av både romarane og kartagarane på 200-talet - romarane i 262 fvt. og kartagarane i 255 fvt. Han vart hardt råka av den andre punarkrigen (218-201 fvt.) då både Roma og Kartago kjempa om å få kontroll over byen. Romarane erobra til slutt Akragas i 210 fvt. og gav han namnet Agrigentum, sjølv om det stort sett berre var gresktalande i byen dei neste hundre åra i ettertid. Han blømde igjen under det romerske styret og innbyggjarane fekk fulle borgarrettar etter Julius Cæsar døydde i 44 fvt.

Etter Romarrikets fall gjekk byen til austgotarane i Italia og så til Austromarriket. I denne perioden flytta innbyggjarane i Agrigentum dei lågareliggande delane av byen og flytta opp til den tidlegare akropolisen på toppen av åsen. Årsaka til dette er ukjend,m en det var truleg på grunn av kystraida til sarasenarane, berbarar og andre folkeslag. I 828 erobra sarasenarane byen og gav han namnet Kerkent, som seinare vart til Girgenti på siciliansk, eit namn han hadde fram til 1927, då Mussolini gjeninnførte italienske utgåver av dei latinske namna.

Agrigento vart erobra av normannarar under grev Roger I i 1087, som oppretta eit latinsk bispedøme der. Folketalet fall gjennom store delar av mellomalderen, men kom seg noko att på 1700-talet. I 1860 støtta innbyggjarane Giuseppe Garibaldi sitt forsøk på å samle Italia med stor iver.

Byen vart hardt råka av dei allierte sine bombetokt under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Agrigento

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Agrigento» frå Wikipedia på engelsk, den 6. januar 2008.
    • en oppgav desse kjeldene:
  • «Acragas» The Concise Oxford Companion to Classical Literature. Ed. M.C. Howatson and Ian Chilvers. Oxford University Press, 1996.
  • «Agrigento», The Columbia Encyclopedia. Columbia University Press, 2004
  • «Agrigento» Concise Dictionary of World Place-Names. John Everett-Heath. Oxford University Press 2005
  • «Agrigento» Encyclopædia Britannica, 2006