Laozi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laozi

Statsborgarskap Zhou-dynastiet
Fødd 6. hundreåret f.Kr.
Chu
Død

5. hundreåret f.Kr.
Kina

Yrke filosof, arkivar, skribent, Taoist
Språk kinesisk
Religion Taoisme
Far Li Jing
Mor Xiāntiān Empress
Laozi på Commons
Statue av Laozi i Quanzhou.

Laozi (Lao Tze) var ein kinesisk tenkjar som levde på 500-talet f.Kr. Han er rekna som grunnleggjar av taoismen. I taoistisk tradisjon er han også sett på som forfattaren av verket Dàodéjīng, også kjent som Tao Te Ching. Blant taoistar blir Laozi dyrka som ein guddom.

Laozi tek imot barnet Buddha frå Konfutse. Måleri frå Qing-dynastiet.

Namnet «Laozi» (kinesisk 老子, lǎozǐ) betyr 'gamle meister', og er eit tilnamn. «Laozi» kan også brukast som namn på Daodejing-verket. Livet og det eigentlege namnet til tenkjaren har me ikkje sikre kjelder til. Han skal ha hatt slektsnamnet Li, barnenamnet Er og vaksennamnet Boyang. Etter døden fekk han også æresnamnet Dan, og er dermed ofte omtalt som Li Boyang eller Li Dan.

Dei eldste kjeldene til livet hans Laozi stammar frå historikaren Sima Qian sine verk frå 100-talet f.Kr., som skreiv ned tre soger. Her blir Laozi framstilt som ein samtidig av Konfutse, anten ein tilsett ved arkiva til Zhou-keisaren eller ein historikar og astrolog.

Han skal ha blitt lei det moralske og politiske forfallet rundt seg og reist vestover. På reisa skal han ha blitt oppfordra av ein vaktmann til å skriva ned tankane sine, noko som blei til det korte verket Daodejing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]