Lars Loe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Loe
Fødd 18. april 1883
Død

8. januar 1971

Lars Gunerius Loe (18. april 18838. januar 1971) var ein norsk jordskiftemann og professor og leiar for Noregs Landbrukshøgskule.

Loe var fødd på Holsækre i Ulstein herad, der faren var på vegarbeid. Han voks opp fleire stader. I tenåra fekk han seg teneste hos Ole Høstmark på storgarden Oppdøl i Bolsøy herad. Sidan tok han i 1906 eksamen ved jordskifteavdelinga på Noregs Landbrukshøgskule. Frå 1913 var han dosent i landmåling ved same institusjonen, professor 1919-54. Han var rektor på Landbrukshøgskulen frå 1934 til-45, med unnatak for tida 1942-44, då han var avsett frå posisjonen av okkupasjonsmakta.

Loe var med i fleire offentleg utval. Han var 1937-54 formann i Norges geografiske kommisjon, og ei tid av Norsk kartografisk forening. Åra 1932-34 var han oppnemnd gjeldsmeklingsmann. Han var også aktiv med i styringa av Ås heradskommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]