Landmåling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Geodet Munthe Kaas med «målebord» rundt 1906. Kjelde: Nasjonalbiblioteket i Rana

Landmåling er oppmåling av terrenget med instrument. Ein landmålar er ein person som gjer slike målingar.

Typar landmåling[endre | endre wikiteksten]

  • Grunnlagsmåling. Geodetiske målingar av grunnlagsnett i eit visst koordinatsystem for å avgjere punkt i terrenget som det kan målast inn detaljar frå. Geodetiske grunnlagspunkter vert kalla fastmerke.
  • Detaljmåling. Innmåling av detaljpunkt (grensemerke, bygningar og andre terrengdetaljar) for konstruksjon av kart. Innmåling av punkt med høgde for profilteikningar eller masseutrekning.
  • Eigedomsmåling. Utsetting og innmåling av eigedomsgrenser (grunneigedomar) med grensepunkt (grensemerke).
  • Utsetting. Utsetting av punkt frå ei planteikning i samband med anleggsarbeid (vegar, bruer, tunnelar, kraftlinjer, bygningar). Rekonstruksjon av grenser i samband med at grensemerker er kome bort.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Kvartmilkart frå 1850 (Grimstad øst), med detaljkart av tettstaden Grimstad.

Bygginga av dei egyptiske pyramidane kravde kunnskap tilsvarande ein landmålar (landmåling og astronomi er i nær slekt).

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg kan uttrykket «landmålar» sporast tilbake til slutten på 1600-talet, då det var privatpersonar som utførte kartlegging av område etter oppdrag frå private, eller offentlege styresmakter. Frå 1719 vart det dessuten oppretta stillingar som amtskonduktør i kvart enkelt amt. Desse stillingane skulle rydde opp i grensetvistar utover landet. I bykommunane vart det oppretta eigne, tilsvarande stillingar som stadskonduktørar. Det er mange pene kart frå denne tida.

På slutten av 1700-talet og byrjinga på 1800-talet var det oppretta landmålarstillingar innan forsvaret, og desse konstruerte kart for bruk i forsvaret. I perioden 1845–1865 vart store delar av landet kartlagt på denne måten i målestokk 1:50000. Desse karta var derimot ikkje i vanleg sal. Namna på desse karta var «kvartmilskart». Målingane vart som regel gjort med «målebord» (sjå foto frå 1880).

«Norges Geografiske oppmåling» (seinare Statens kartverk) vart skipa i 1773 for å ivareta den nasjonale kartlegginga. Det overordna grunnlagsnettet i landet, samt kartseriane 1:50000(N50 - M911) og 1:5000 (N5 – økonomisk kartverk) er i dag ansvarsområdet til Statens kartverk.

Etter at «utskiftingslova» av 1857 vart sett i verk i 1859 vart det fart i kartlegginga av eigedomsgrenser. Utskiftingslova vart innført for å rydde opp i svært innfløkte eigedomsforhold på landet, der gammal «teigblanding» var eit viktig element. I perioden 1860–1885 vart det utført svært mange «jordskiftesaker», som resulterte i truverdige og gode kart i målestokk 1:2000 og 1:4000.

Frå slutten av 1800-talet har landmålarar hatt viktige oppgåver ved anleggsarbeid (anlegg av jernbane, vegbygging – inkludert bruer og tunnelar, gruvedrift etc.)

Etter at «bygningslova» vart innført i 1965, og særleg etter at «delingslova» vart innført i 1980 vart det tilsett landmålarar i dei enkelte kommunane for å utføre kartlegging av eigedomsgrenser.

Måleinstrument[endre | endre wikiteksten]

Klassisk teodolitt (Wild T2) ca. 1965 med adapter (øvst) for Zeiss avstandsmålar

Dei første måleinstrumenta var såkalla «målebord», som bestod av ei bordplate på eit stativ med eit enkelt kikkertrøyr som var festa til ein linjal (sjå foto 1880). Ved å sette målebordet opp over eit kjent punkt (fastmerke) ved hjelp av ei loddsnor, rette instrumentet mot eit anna kjent punkt, og sikte til markerte (ukjente) punkt i terrenget, vart det trekt strekar på eit ark på målebordet til desse. Når så instrumentet vart flytt til eit nytt kjent punkt, vart dei same ukjente punkta sikta inn, og i kryssingspunkta for linjene fekk ein markert plasseringa til dei ukjente punkta.

På byrjinga av 1900-talet kom dei første teodolittane i bruk. Ein teodolitt er eit kikkertrøyr som kan dreiast om to aksar (horisontalt og vertikalt). Begge aksane er fysisk inndelt i vinklar ein kan lese av (grader, minutt og sekund), markert som riss i glasplater. Fram til andre verdskrigen var det to norske produsentar av teodolittar, Sigurd Baalsrud og Gundersen & Løken. Elles var markedet for slike instrumenter dominert av Wild (Sveits), og Zeiss (Tyskland)

I 1970 vart dei første avstandsmålarane basert på infraraud laserstråle introdusert. Desse kunne måle avstandar opp til tre km med nøyaktigheit på berre nokre centimeter. Desse var derimot særs tunge å handtere. I 1978 vart dei første teodolittane med elektronisk avlesing av vinklar marknadsført.

Nokre få år seinare kom dei såkalla «totalstasjonane» på marknaden, som kombinerte elektronisk avstandsmåling med elektronisk vinkelavlesing samt lagring av data for vidare handsaming.

Etter 1990 vart det mogeleg å rekne nøyaktig posisjon på punkt i terrenget med GPS-mottakarar. Prinsippet baserer seg på signal frå amerikanske (NAVSTAR) og russiske (GLONASS) satellittar. I dag er det vanleg å bruke slike mottakarar i kombinasjon med totalstasjonar.

Autorisert landmålar[endre | endre wikiteksten]

Med «matrikkellova» av 2005 vart omgrepet «godkjent landmålarføretak» innført. Kvalifikasjonskrava til eit slikt føretak er enno ikkje avgjort, men i tillegg til oppmålingstekniske krav skal det også setjast omfattande krav til eigedomsrettsleg kunnskap. Kvalifikasjonskrava skal omtrent svare til dei de danske landinspektørane sine.

Kvalifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein landmålar treng gode matematikkunnsskapar (særleg innan trigonometri). Ein bør dessuten ha ein viss kunnskap om stereoskopi. Ein må kjenne til dei atmosfæriske tilhøva som påverkar målingane, og øvrige feilkjelder med dei målemetodane som vert nytta. Ein må dessutan ha god kjennskap til instrumenta som vert brukt for å kunne gjere dei naudsynte utrekningane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]