Lars Olsson Godøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Olsson Godøy
Fødd 1775
Vigra
Død

10. september 1818

Yrke politikar, los

Lars Olsson Godøy (177510. september 1818) var ein norsk gardbrukar, los og stortingsmann frå Giske.

Godøy var son av ein gardbrukar i Røsvik på Vigra, i dagens Giske. År 1806 kjøpte han bruket Strandklaua på garden GodøyGodøya i Giske. Han gifta seg med ei dotter til føremannen på bruket, og dreiv det sidan.

I 1814 var Godøy 4. representant frå Romsdals amt på det overordentlege Stortinget. Han var medlem av den 25 mann sterke deputasjonen som 10. oktober 1814 møtte Kristian Fredrik på Bygdøy, for å take mot kongens erklæring om abdikasjon.

Godøy og fem andre losar omkom hausten 1818 på heimferd frå Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]