Vigra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Vigra
Vigra.jpg
Geografi
Norway - Vigra.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°33′53″N 06°12′53″EKoordinatar: 62°33′53″N 06°12′53″E
Areal 20 km²
Høgaste punkt Molnesfjellet (123 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Roald (691 innb.)
Demografi
Folketal 1695 (2001)
Folketettleik 85 /km²
Sjå også Vigra kommune og Vigra sokn

Vigra er den største og nordlegaste av øyane i Giske kommune i Møre og Romsdal fylke. Ho har vore eigen kommune. Øya er rik på historie, med tradisjonar som seier at både Ragnvald Mørejarl og sonen Gange-Rolv var frå Vigra.

Innbyggjartalet på øya er i underkant av 2 000 (6 500 i Giske kommune). Største tettstaden er Roald, som ligg på austsida av øya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vigra har eit flatemål på 20 kvadratkilometer, og er relativt flat og berglendt. Store delar av øya er myr, medan det finst høgdedrag i nord. Øya har strandline mot Vigrafjorden i aust og Gjøsund i sør.

Ålesund lufthamn ligg om lag midt på øya. Her finn vi viktigaste arbeidsplassen. I tillegg til flyplassen er næringane på øya jordbruk, fiske og fiskeforedling. Vigra er knytt til fastlandet ved bru til Valderøy, og vidare med undersjøisk tunnel (bomveg) til Ålesund om Ellingsøy.

Det høgaste naturlege punktet er Molnesfjellet med 122 meter over havet.[1] I tillegg driftar Norkring ein kringkastar på Synnes med ei 220 meter høg mast. Masta, som delvis ligg i innflyginga til Ålesund lufthamn har det vore mykje strid om, og ho har blitt bygd ned (frå 242 meter) for å vera mindre i vegen for flytrafikken. Sendaren vart slått av den 30. juni 2011 og riven 8. september 2011.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort rike funn av gravhaugar og busetnader frå jernalderen, og lokale stadnamn på øya stammar frå denne perioden.

Vigra var del av Haram herad fram til 1. januar 1890. Da ho blei utskild som eigen kommune, Roald herad. 1. januar 1919 blei namnet endra til Vigra herad. I 1964 vart herada Vigra og Giske slått saman til Giske kommune.

Boka Vigra-slekter gjennom 500 år inneheld gards- og slektshistorie frå 1500-talet og fram til 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]