Lars Ove Seljestad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lars Ove Seljestad | |
![]() | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 5. mars 1961 (58 år) i Odda |
Yrke | Forfattar, sosiolog |
Periode | 2005- |
Debut | Blind |
Lars Ove Seljestad (fødd 5. mars 1961)[1] er ein norsk sosiolog og forfattar. Han vart fødd i industristaden Odda. Etter den tid har han flytta mykje, men lever no på Austlandet.
Som forfattar debuterte han i 2005 med romanen Blind. I likskap med forfattaren er hovudpersonen sosiolog og son av ein arbeidar ved Odda Smelteverk. Seljestad har sidan debuten gitt ut fire romanar og eit essay.
Seljestad er kjent som ein sterk formidlar og opplesar av eigen litteratur. Han er sidan 2010 fulltids forfattar og skribent og skriv sidan september 2010 fast for spalta Paradoks i avisa Klassekampen. Same året vart han tildelt Bokhandelens forfatterstipend.
Seljestad skriv, hovudsakleg, på eit moderne dialektfarga nynorsk.
Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- 1997 - Arbeidsløyse som ressurs, nye vegar til arbeid og identitet ISBN 82-521-4959-6
- 2005 - Blind, roman. ISBN 82-02-24314-9
- 2006 - Bastard, essay. ISBN 978-82-02-25500-8
- 2009 - Frægd, roman. ISBN 978-82-03-19469-6
- 2011 - Fjorden, roman ISBN 978-82-03-35035-1
- 2012 - Isberg, roman ISBN 978-82-03-35096-2
- 2013 - Storspring, diktsamling
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ ««Lars Ove Seljestad (05.03.1961)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.