Lars Rangius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Rangius
Statsborgarskap Sverige
Fødd 1667
Død

1717 (50 år)

Yrke prest

Lars Rangius (fødd kring 1667, død i 1717) var samisk prest i først Sorsele forsamling, sidan Silbojokks forsamling. Han gjorde den første omsetjinga av Det Nye Testamentet til samisk, eit verk som aldri vart utgjeve.

Utdanning og teneste[endre | endre wikiteksten]

Lars Rangius gjennomgjekk sannsynlegvis Skytteanska skulen i Lycksele og heldt deretter fram i Härnösands trivialskola og gymnas. 1688–1695 studerte han ved Uppsala universitet. Deretter bør han ha vorte vigd til prest i Härnösands domkyrkje, men opplysningar om dette manglar.

Lars Rangius fekk den første tenesta sin som kappelan i Sorsele kapellforsamling 1697. I 1709 fekk Rangius ny teneste som sokneprest i Silbojokks forsamling, som vart oppretta i 1640 for bruksfolket ved hytta fem mil frå sylvrgruva i Nasafjäll. Lars Rangius vart verande i Silbojokk til han døydde i 1717.[1]

Lars Rangius var gift med Anna Vacker frå Umeå og fekk to born, ein son og ei dotter.[2]

Omsetjinga[endre | endre wikiteksten]

Under åra 1701–1713 arbeidde Lars Rangius med å omsetja heile Det Nye Testamentet til samisk. Det ferdige manuskriptet vart aldri trykt, men vert teke vare på på Uppsala universitetsbibliotek. Det vart i staden Pehr Fjellström som gjorde den første trykte omsetjinga av Det Nye Testamentet til samisk (1755). Pehr Fjellström hadde tilgang til Lars Rangius sitt arbeid, men i forordet til utgåva si skriv han at han ikkje hatt særleg stor nytte av dette. Lars Rangius var nemleg berre innsett i ein av alle samiske dialektane, medan Fjellström freista skapa eit skriftspråk som skulle kunna bli forstått av fleire, det så kalla sydlapska bokspråket.

Kva samisk dialekt var det då Lars Rangius nytta? Den inngåande analyse av Rangius versjon av Markusevangeliet som Karin Wilson gjorde i doktoravhandlinga si tyder på at det var umesamisk, om enn med ein del drag som i dag er typiske for enno sørlegare dialektar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Wilson, Karin: Markusevangeliet i Lars Rangius samiska översättning från 1713, Uppsala 2008, Acta Academiae Regiae Gustavi Adolphi CI. 
  2. Bygdén, Leonard: Härnösands stifts herdaminne «Silbojock», 1923–1926. Henta 2009-10-20.  Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine.