Umesamisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Umesamisk
Klassifisering: uralsk
 finsk-ugrisk
  samisk
Bruk
Tala i: Noreg, Sverige
Område: Nordland, Västerbotten
Umesamisktalande i alt: Ca. 10
Skriftsystem: Latinsk
Språkkodar
ISO 639-3: sju

Umesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Dei få talarane som er att bur i Sverige. Tidlegare vart det snakka også på norsk side. Umesamisk dannar i lag med sørsamisk den sørlege greina av dei samiske språka, desse to utgjer «sørsamisk i vidare forstand». Til skilnad frå sørsamisk er umesamisk bortimot utdøydd.

Tospråkleg svensk/umesamisk skilt i Arvidsjaur.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Umesamisk har mindre stadieveksling enn dei nordlegare samiske språka. Derimot har umesamisk, saman med pitesamisk, det same omlydsfenomenet som det sørsamisk har. Det umesamiske negasjonsverbet blir bøygd i tempus.

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Umesamisk var det samiske språket som først vart skriftfesta, all litteratur skrive på samisk på 1600-talet vart skrive på umesamisk. I 1738 publiserte den svenske presten Per Fjellström i Lycksele ei skildring av umesamisk grammatikk (Grammatica Lapponica) og ein svensk-umesamisk ordbok (Sueco-Lapponicum). Det nye testamentet kom på umesamisk i 1755, og den første samiske bibelen, frå 1811, var også på umesamisk Tat Ajles Tjalog (Den Heilage Skrift). Dette gjev umesamisk ein sentral posisjon i samisk språkhistorie.

Dei umesamiske områda låg mot sør og aust i svensk Sápmi, og var blant dei første som vart forsvenska under svensk ekspansjon nordover frå og med mellomalderen. Det tidlege skriftspråket vart dermed ikkje lenger brukt i publikasjonar frå attehundretalet og framover. Etter dette gjekk det lang tid før umesamisk fekk eit offisielt skriftspråk.

I 1999 foreslo det svenske sametinget eit offisielt umesamisk skriftspråk. Forslaget vart den 28. januar 2000 lagt fram for SN.[1]

Ein uoffisiell umesamisk ortografi vart lenge teke i bruk lokalt i Sverige, mellom dei av kommunane Umeå og Lycksele. Den 27. april 2010 vart denne ortografien godkjent av den samiske språknemnda Sámi giellalávdegoddi på eit møte i Karasjok.[2] Den 26. februar 2014 vart han òg godkjent av Sametingets språknemnd i Umeå, og umesamisk vart dermed eit offisielt språk.[3][4]. I praksis publiserer både dei sentrale styresmaktene og Sametinget likevel berre på tre samiske skriftspråk (sør- lule- og nordsamisk)[5].

Revitalisering[endre | endre wikiteksten]

Etter Salminen 2007, som også Ethnologue siterer, er det berre ein handfull eldre som snakkar umesamisk. Det er likevel revitaliseringsarbeid undervegs.

I 2008 vart den svenske språklæraren Henrik Barruk frå Storuman tildelt den nordiske språkprisen Gollegiella for arbeidet med å verne det umesamiske språket som eit levande språk.[6] I Malå har det sidan 2001 vore undervist i sørsamisk, og sidan 2010 i umesamisk.[7]

Musikkstudenten Katarine Barruk frå Storuman vart i 2012 utnemnt til «årets unge kunstnar» på festivalen Riddu Riđđu, etter å ha framført songane sine på umesamisk.[8]

Hausten 2014 vert det byrja med ei lærarutdanning i umesamisk ved Umeå Universitet. Målet er å ha ferdigutdanna tre lærarar frå og med hausten 2016.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. United Nations Group of Experts on Geographical Names, Working Paper No. 66, Item 16 of the Provisional Agenda: Standardization in Multilingual Areas.
  2. Samisk språknemnds plenumsmøte, Giellalávdegoddi, Sametinget, 27. april 2010
  3. Nils Johan Eira: Idag tar sametinget stilling til umesamisk, NRK Sápmi, 26. februar 2014
  4. Olle Kejonen, Karen Eira: Sametinget godkänner umesamiskan, Sverges radio/Ođđasat.se, 26. februar 2014
  5. Jf. t.d. det svenske sametinget si side for samiskspråkleg innhald, og dei fleirspråklege sidene til Landsbygsdepartementet, departementet for samiske saker i Sverige.
  6. (no) Åse Pulk (12. november 2008).
  7. Camilla Andersson: Nytt hopp för samiskan i Malå, Sápmi, 16. mai 2011
  8. Egil Pettersen: Hun vil redde utrydningstruet samespråk med hip-hop, TV2, 12. juli 2012
  9. Nils Johan Eira, Olle Kejonen: Språksatsning kan gi nye lærere i umesamisk, NRK Sápmi, 24. februar 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Schacter, Wolfgang 1958: Lexica Societatis Fenno-Ugricae XIV. 1958. XIX + 294 p. Wolfgang Schlachter, Wörterbuch des Waldlappendialektes von Malå und Texte zur Ethnographie.
  • Salminen, Tapani 2007: Endangered languages in Europe. I: Matthias Brenzinger (red.) Language diversity endangered Trends in Linguistics: Studies and Monographs 181; Berlin & New York: Mouton de Gruyter. 205–232.



Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.