Leangbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°50′35.124″N 10°29′26.052″E Leangbukta er ei bukt (liten fjord) innetter i nordaust-sørvestgåande lei frå Holmenfjorden utanfor Holmen i Indre Oslofjord i Asker kommune. På nordsida i ytre delen ligg sjøbadet Hvalstrand bad. Leangbukta er dessutan namnet på ein veg inst i denne bukta, frå kryss med Slemmestadvegen og ned til staden Tangen, namnsett i 1989.

Namnet Leangbukta kan kome av leir-anger, som tyder leire-bukta, eller av le-anger, ei bukt som ligg i le for vind, ei lun bukt. I båe høve står mellomlekken -ang- for det norrøne ordet -angr, det vil seie fjord, slik at samansetjinga Leangbukta vert eit døme på ein pleonasme.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Borgen. Per Otto, 2006. Asker og Bærum leksikon, Drammen: Forlaget for by- og bygdehistorie. Side 304. ISBN 82-91649-10-3