Leddvedslekta
Leddvedslekta | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Magnoliopsida | |
Orden: | Dipsacales | |
Familie: | Caprifoliaceae | |
Slekt: | Lonicera | |
Vitskapleg namn | ||
Lonicera |
Leddvedslekta (Lonicera) er utbreidd i Nord-Amerika, Europa og Aust-Asia med nesten 200 artar av buskar og lianar. Dei har motsette, heilranda blad. Blomstrane er 5-talige og sitt anten parvist ved bladhjørna eller i endestilte standar som er støtta av høgblad. Begerblada er røyr- eller begerforma samanvaksne, og det same er skjedd med kronblad, som dannar eit langt kronrøyr som har to eller fem lappar ved munningen. Ved blomsteropningen er kronblada spalta, slik at dei fire øvste til saman dannar ei leppe, medan den einslege, nedste dannar ei anna. Frukta er bær som sit enkeltvis eller to saman.
Namnet «Lonicera» stammar frå renessansebotanikaren Adam Lonicer.
Fleire artar av Lonicera har blitt invasive artar når dei er introdusert utanfor sitt naturlege vekstområde. Dette gjeld særleg på New Zealand og i USA. Mellom desse finn ein L. japonica, L. maackii, L. morrowii og L. tatarica.
Arter i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Artar ein kan finne i Noreg:
- Lonicera alpigena, Alpeleddved
- Lonicera caerulea, Blåleddved
- Lonicera caprifolium, Kaprifol
- Lonicera involucrata, Skjermleddved
- Lonicera korolkowii, Prydleddved
- Lonicera nigra, Svartleddved
- Lonicera nitida, Myrteleddved
- Lonicera periclymenum Vivendel
- Lonicera tatarica, Tatarleddved
- Lonicera xylosteum, Leddved
- Lonicera ledebourii, Californialeddved
- Lonicera acuminata, Henrys leddved - namnet er retat frå L. henryi den 5. september 2007 av botanikarane hos United States Department of Agriculture: Agricultural Research Service (ARS)[1]
- Lonicera pileata, Liguster-leddved
- Lonicera syringantha, Syrinblomstra leddved
Hybridar[endre | endre wikiteksten]
Det finst mange hydridar og kultivarar som er nytta som hageplanter. Mange av desse har ukjent opphav.[2][3]
- Lonicera x tellmanniana
- Lonicera x italica
- Lonicera x brownii
- Lonicera x heckrottii
- Lonicera 'Mandarin'
Andre artar[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
