Fremmedartslista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunskogsnigel (Arion vulgaris) er vurdert til svært høg risiko (SE). Arten har sidan 1980-talet spreidd seg over store delar av landet.

Fremmedartslista er ei oversikt over framande artar i Noreg og risikoen for at dei skal påvirke økologien i naturmiljøet. Lista er utarbeidd av Artsdatabanken, og ho avløyste den tidlegare Svartelista. Formålet med Fremmedartlista er å presentere Artsdatabanken syn på den økologiske risikoen knytt til framande artar. Med økologisk risiko meiner Artsdatabanken risiko for naturlege artar og naturtypar i Noreg.

Artsdatabanken har risikovurdert artane på lista ut frå den økologiske effekten deira og kva potensial dei har til spreiing og etablering. Kategorian er meint å vera ei objektiv vurdering av den økologiske risikoen kvar art presenterer for norsk naturmangfald, basert på ein standardisert kvantitativ metode.[1][2].

Fremmedsartslista er ei vidareføring av arbeidet med Norsk svarteliste, men ein gjekk bort frå dette omgrepet fordi ein ønskte eit mer nøytralt namn.[3] Mens omgrepet «svateliste» er verdiladd, og Norsk svarteliste berre omfatta framande artar med høg risiko for å spreie seg i naturen, skal Fremmedartslista vere ei liste over alle framande artar, både dei med låg og dei med høg økologisk risiko.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Grafisk framstilling for risikovurderinga bak Fremmedartslista. Framande artar blir vurderte opp mot økologisk effekt og invasjonspotensial.
Platanlønn har stort invasjonspotenisale og høg økologisk effekt og er derfor klassifisert med svært høg økologisk risiko i Fremmedartlista

Ved klassifiseringa blir det brukt ei risikomatrise. Dette er ein todimensjonal figur der artane er graderte etter økologisk effekt (ingen, liten, middels, stor) og invasjonspotenisal (lite, begrensa, moderat, stort).

Artsdatabanken klassifiserer artane i desse kategoriane:

  • NK: Ingen kjend risiko
  • LO: Låg risiko
  • PH: Potensiell høg risiko
  • HI: Høg risiko
  • SE: Svært høg risiko

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første offisielle økologiske risikovurderinga kom ut i 2007 under namnet Norsk svarteliste 2007 - Økologiske risikovurderinger av fremmede arter.[4]. Denne oversikta omfatta totalt 2483 artar fordelt på 22 artsgrupper, der 217 artar var risikovurderte. Denne lista omfatta også stadeigne artar spreidde til nye delar av Noreg som følgje av menneskeleg aktivitet.

Norsk svarteliste 2007 opererte med tre risikokategoriar:

  • høg risiko – 93 artar
  • ukjend risiko – 83 artar
  • låg risiko – 41 artar

Fremmede arter i Norge - med norsk svarteliste 2012[5] blei lansert under konferansen Natur 2012 i juni 2012. Dette var ei oversikt over framande artar i Noreg med økologiske riskovurderingar. Stadeigne artar som blei spreidde med menneskeleg hjelp til nye område i Noreg var ikkje med i vurderingane.

Lista fordelte framande artar i 4 overordna grupper:

  1. Reproduserer i Noreg - artar som er observert reproduserande og/eller etablerte i Norge (1180 artar)
  2. Dørstokkartar - artar som har potensial for å reprodusera seg i norsk natur (203 artar)
  3. Ikkje reproduserande - artar som ikkje har høve til å etablera seg og reprodusera i Noreg (1140 artar)
  4. Fell utanfor prosjektet sin definisjon - stadeigne artar spreidde til nye område i Noreg (72 artar)

Lista vurderte risikoen til artar som hadde potensial til å reprodusera i Noreg innan 50 år. Dei brukte fem risikokategoriar:

  • SE = svært høg risiko – 106 artar (inngår i norsk svarteliste 2012)
  • HI = høg risiko – 110 artar (inngår i norsk svarteliste 2012)
  • PH = potensielt høg risiko – 198 artar
  • LO = låg risiko – 393 artar
  • NK = ingen kjend risiko – 363 artar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandvik, H., Sæther, B-E., Holmern, T., Tufto, J., Engen, S., Roy, H E. 2013. Generic ecological impact assessments of alien species in Norway: a semi-quantitative set of criteria. Biodiversity and conservation (22): 37-62 doi:10.1007/s10531-012-0394-z
  2. Utvikling av den norske metoden Artsdatabanken.
  3. «Fremmedartslista» – nytt navn på risikovurderinger Artsdatabanken, 25. mai 2018.
  4. Gederaas, L., Salvesen, I. og Viken, Å. (red) 2007. Norsk svarteliste 2007 – økologiske risikovurderinger av fremmede arter.
    2007 Norwegian Black List – Ecological Risk Analysis of Alien Species. Artsdatabanken, Norway
  5. Gederaas, L., Moen, T. L., Skjelseth, S., Larsen, L-K. (red.) 2012. Fremmede arter i Norge - med norsk svarteliste 2012. Artsdatabanken, Trondheim Arkivert 16. mai 2015 på Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]