Leiv Sandsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leiv Sandsdalen
Fødd28. mai 1825
Død14. februar 1896 (70 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Leiv Øysteinson Sandsdalen (28. mai 182514. februar 1896[1]) frå Seljord var ein av dei fremste spelemennene i Telemark på andre halvdelen av 1800-talet. Sandsdalen hadde fyrst og fremst spelet etter faren, Øystein Langedrag (1786-1848), og dei mest kjente slåttane etter Sandsdalen er nettopp dei han hadde derifrå, t.d. Systerslåttane og «Brudemarsj frå Seljord». To av slåttane han hadde heimefrå har i ettertid fått namn etter Leiv Sandsdalen: «Sandsdalen» (òg kalla «Langedragen») og «Sandsdalen II» (òg kalla «Skarsnuten»).

Rikard Berge skreiv om Sandsdalen at han hadde eit klokt hovud og var ein god kunstnar òg når det gjaldt andre ting enn musikk. Han var både snikkar, treskjerer, klassisk forteljar og oppfinnar. Sandsdalen laga òg hardingfeler og eksperimenterte med å forbetra instrumentet. Han brukte å spela på ei hardingfele laga av Erik Jonsson Helland i 1864. Fela var større enn det som var vanleg, og var ei av dei fyrste moderne hardingfelene slik ein kjenner dei i dag. Denne fela, «Kjempa», er ei av dei best kjende hardingfelene i Noreg, og tilhøyrer Bø Museum.

Kjos-Langedrag-Sandsdal-tradisjonen[endre | endre wikiteksten]

I Vest-Telemark går tradisjonen tilbake til Tov Kristianson (f. ca. 1750), Gunnar Grjotnes (1754–1804) frå Kviteseid og Jon Kjos (1754–1826) frå Åmotsdal i Seljord. Jon Kjos var stenderspelemann i Vest-Telemark og hadde monopol på gjestebpdspel i distriktet. Sentralt i vidareføringa av dette spelet står Olav Soterud (1782–1828), Øystein Langedrag og Leiv Sandsdalen.

Leiv Sandsdalen hadde stor slåttekunnskap, men heldt seg stort sett til Vest-Telemark-tradisjonen. Sandsdalen reiste ikkje mykje ut av lokalmiljøet på speleferder, slik som mange andre utøvarar. Likevel må det seiast å vera trekk frå det såkalla myllarspelet i delar av sandsdalstradisjonen. Her kan det leggast til at faren, Øystein Langedrag, var ein av dei sentrale læremeistrane til Myllarguten, og er rekna som ein grunnleggar for dette spelet. Langedragen hadde elles ein del slåttar felles med Luraas-brørne frå Tinn. Om Langedrag-Sandsdal-spelet var direkte påverka av det gamle tinndølspillet eller omvendt er ikkje godt å seia. Kanskje dreier det seg om slåttar som var godt utbreidde i den aktuelle tida, og derfor har gjeve dels samanfallande repertoar. Slåttane som blir kalla luråsslåtter i Tinn blir kalla langedragslåtter i Seljord.

Arvtakarar av Langedrag-Sandsdal-spelet[endre | endre wikiteksten]

Fleire spelemenn fekk læra direkte av Sandsdalen, m.a. Kjetil Flatin frå Seljord, Egil Manheim frå Seljord, Hans Smeland frå Seljord, Hallvard Flatland frå Bø og Olav Mossafinn frå Voss. Gjennom desse har Langedrag-Sandsdal-spelet blitt vidareført både i Telemark og Hordaland. Petter Veum frå Fyresdal, som var mykje hos Langedragen, bør òg nemnast. Veum skulle som kjent koma til å bli ei viktig kjelde for spelemenn i Setesdal. Den fyrste store, og velkjende, kvinnelege hardingfelespelaren, Kristiane Lund frå Bø (1889-1976) hadde som ein av dei fremste slåttane sine «Sandsdalsspringaren», som ho vann fleire kappleikar med. Forma hennar av denne springeren står fram som ei av dei fremste formene, ifølgje spelemannen Gunnulf Borgen.

Sandsdalsslåtter i skriftlege kjelder[endre | endre wikiteksten]

Nokon av slåttane til Sandsdalen er skrivme ned av L. M. Lindeman. I Hardingfeleverket er det fleire slåttar i tradisjon etter Sandsdalen, m.a. springeren «Jåle-Ragnhild».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Seljord 1815-1854». Seljord kyrkjebok. 
  2. [1]
  • Gurvin og Anker : Musikklekskon (1949)
  • Noregs musikkhistorie Bd2: 122; Bd3: 282, 283