Jon Kjos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Kjos
Fødd1754
Død1826 (72 år)
Verka sommusikar

Jon Kjos, og kalla Jon Kvammen eller Jon Vestafe, var ein spelemann frå Åmotsdal i Telemark. Han levde frå 1754 til 1826, og var ein av dei førande i si tid. Jon var ein av dei første lærarane til Myllarguten.

Jon var forpaktarspelemann. Dette tyder at han hadde kongeleg løyve til å spela, og spela i over hundre bryllaup i Telemark.

Myllarguten var gjetargut for Jon, og stal seg til å låne fela hans. Då Jon skjøna kva som budde i guten, tok han Tarjei i lære. Slåttane Myllaren fekk frå Jon Kjos, vart heitande "Kjoseslåttane" seinare. Søster av Jon vart gift til Tinn, og han fekk nemninga "Jon Vestafe" der, av di Åmotsdal ligg vest av Tinn.

Nedskrivne kjoseslåttar[endre | endre wikiteksten]

  • Gangaren Kvamshallingen, nr 148. Namnet er knytt til Jon (Kvammen), og slåttane med det namnet kan knytast beint til tradisjonslina etter han.
  • Springaren Sønnstaulen er stundom og kalla Kjosen etter Jon.
  • Vestafe`en, ein springar knytt til slåttekrinsen Igletveiten.