Lambertseter stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilete av løpebanen og fotballgrassletta

Lambertseter stadion er eit idrettsanleggLambertseter i Oslo. Sjølve stadionet er kjøpt og eigt av Bydel Nordstrand.

Lambertseter stadion vart brukt som hovudfotballbane og friidrettbane for Oslo medan Bislett stadion vart renovert i 2004. Det er tidlegare brukt av Mercantile Ski- og Fotballklubb og Fotballklubben Manglerud Star Oslo til heimekampane deira. I dag vert det brukt som heimefotballbane for Lambertseter Idrettsforeining[1] og andre lag, ved at dei søkjer til Oslo kommune. Lambertseter stadion er tredjevalet til treningsstadion for Noregs herrelandslag i fotball (etter Ullevaal Stadion og Bislett stadion). Dei trena der seinast i 2007.

Fasilitetar[endre | endre wikiteksten]

Rundt fotballbanen er det ein gymmertløpebane. Stadionet har ingen klubbhus, men garderobane til Lambertseter Idrettsforeining kan brukast. Stadionet har berre ståplassar på den eine langsida av banen. Det har også eit kommentatorhus, høgtalarar og lyskastarar.

Tidlegare idrettsarrangement[endre | endre wikiteksten]

Skøyter[endre | endre wikiteksten]

Banen vart brukt av Lambertseter Skøyteklubb frå 1968 til 1986 og har følgjande banerekordar med skøyteløp:

Distanse Tid Namn Dato
500 m 38,3 Frode Rønning 20. feb 1983
1000 m 1.17,9 Frode Rønning 20. feb 1983
1500 m 2.03,1 Kai Åre Engelstad 20. feb 1983
3000 m 4.23,61 Alf Rekstad 24. feb 1979
5000 m 7.31,6 Frode Syvertsen 11. feb 1984
sprint-komb. 155,000 Frode Rønning 19.-20. feb 1983
38,5-1.18,5-38,3-1.17,9
liten komb. 173,010 Sondre Kvaalen 19.-20. feb 1983
40,4-4.27,3-2.04,5-7.45,6
500 m 45,2 Lisbeth Korsmo 19. feb 1977
1000 m 1.34,2 Grethe Viksås 6. jan 1979
1500 m 2.30,0 Bjørg Eva Jensen 7. feb 1976
3000 m 5.15,5 Bjørg Eva Jensen 8. feb 1976
sprint-komb. 190,600 Ann-Mari Tollefsen 6.-7. jan 1979
46,5-1.34,5-48,2-1.37,3
mini-komb. 198,583 Bjørg Eva Jensen 7.-8. feb 1976
47,5-2.30,0-1.37,0-5.15,5

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Lambertseter stadion har òg vorte brukt til større arrangement i friidrett. Clean Air Game sitt arrangement i 2018 gav to - eller eigenleg fem - norske rekordar. Lene Retzius betra norgesrekorden i stavsprang heile tre gongar og enda på 4,50 meter, medan Eivind Henriksen betra rekorden i sleggekast to gongar og enda med ei notering på 76,66 meter.[2]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fotballforbund, Norges. «Lambertseter match - Hjem». fotball.no - Norges Fotballforbund (norsk). Henta 28. mai 2019. 
  2. Nye norske rekorder på lambertseter stadion