Hopp til innhald

Følblomslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leontodon)
Lodnefølblomslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Slekt: Lodnefølblomslekta Leontodon
L., 1753

Følblomslekta er ei planteslekt i korgplantefamilien. Følblomartane er fleirårige rosettplantar med buktfinna eller heile blad og bladlaust skaft med ei eller eit par korger som minner om hieracium og hypochoeris. Dei har taklagde svartgrøne korgdekkblad, gule blomstrar utan agner mellom og frukter utan nebb.

Leontodon saxatilis

Leontodon tuberosus blir brukt som matplante på Kreta. Røtene kan etast råe og blada kan dampast.[1] Elles er frøa til ulike følblomartar viktige matkjelder for fleire fuglar.[2]

Norske artar i følblomslekta

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg veks to artar:

  1. Kleonikos G. Stavridakis, Κλεόνικος Γ. Σταυριδάκης (2006). Wild edible plants of Crete - Η Άγρια βρώσιμη χλωρίδα της Κρήτης. Rethymnon Crete. ISBN 960-631-179-1. 
  2. D. L. Buckingham and W. J. Peach (2005). «The influence of livestock management on habitat quality for farmland birds». Animal Science 81: 199–203. doi:10.1079/asc50700199. 
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Følblomslekta