Leppestift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av leppestift.

Leppestift (også kalla lebestift) er eit sminkeprodukt som ein bruker til å farga leppene med. Det er som regel ei fargestift som inneheld pigment, olje, voks og blautgjerande middel. Ein kan også måla farge på leppene, men slike produkt blir i dag gjerne kalla lipgloss.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I det gamle Sumer og Assyria, for rundt 5000 år sidan, brukte menn og kvinner å farga leppene raude. Dei knuste farga steinar til pulver og kunne blanda dei med kvitt bly. Folk kunne gravleggjast med leppefargane sine lagra i haldarar av skjel.[1] Det er også funne leppefarge frå Induskulturen, for rundt 4000 til 3000 år sidan.[2] I det gamle Egypt brukte menn og kvinner fargestoff som oker som kunne vera blanda med kvae og parfyme til å farga leppene raude, oransje, sterkt rosa eller blåsvarte.[1] Oker er også blitt brukt av aboriginarjenter i Australia til å farga leppene raude i samband med overgangsrituale.[3]

Under den islamske gullalderen fann kosmetikaren Abu al-Qasim al-Zahrawi (Abulcasis) frå Al-Andalus opp den faste leppestiften. Denne var laga i former og parfymert, og blei skildra i verket hans Al-Tasrif.[1] Kinesarar laga tidlege leppestifter av bivoks for over tusen år sidan. Under Tang-dynastiet (618-907) blei desse laga med velduftande oljer.

På 1500-talet blei det vanlegare å farga leppene i England, med ei blanding av bivoks eller gummi arabicum og raudfargar frå plantar eller Cochenillelus-insekt. Dronning Elisabet I gjorde at sterkt raude lepper mot eit kvitfarga fjes kom på moten.[4] Det var likevel berre kvinner frå overklassen og mannlege skodespelarar som brukte sminke.[5] På 1600-talet blei leppefarging forkasta av kyrkja for å forandra Guds skaparverk, og i 1770 vedtok det parlamentet ein lov som knytte skikken til hekseri.[6] Lenge blei lepper berre farga av skodepelarar på scena.[7][8] Ved slutten av 1800-talet byrja den kjende skodespelaren Sarah Bernhardt å bruka leppestift og rouge også offentleg.[9]:36

Ved slutten av 1800-talet byrja det franske kosmetikkselskapet Guerlain å laga leppestift. Den første kommersielle leppestiften blei funnen opp i Paris i 1884. Han var laga av bivoks, hjortetalg og lakserolje og dekt av silkepapir.[10] Rundt 1915 byrja ein å selja leppestifter som kunne pressast opp i metallhaldarar.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Schaffer, Sarah (2006), Reading Our Lips: The History of Lipstick Regulation in Western Seats of Power (PDF), Digital Access to Scholarship at Harvard 
  2. Yona Williams. Ancient Indus Valley: Food, Clothing & Transportation.
  3. Richards, Beth (1994). «Blood of the Moon». Herizons: 28. 
  4. Elizabethan Makeup, elizabethancostume.net
  5. «Elizabethan Make-up». Elizabethanera. org.uk. Henta 9. februar 2010. 
  6. Conway, Susannah (3. januar 1999). «Fashion: The History of... Lipstick – Lip-Smackers Good». London: The Independent (U.K.). Henta 9. februar 2010. 
  7. 7,0 7,1 «A Brief History of Lipstick». Enjoy Your Style. Henta 2. september 2010. 
  8. «How Lipstick Works». Discovery Health. Henta 2. september 2010. 
  9. Riordan, Theresa (10. mai 2004). Inventing Beauty: A History of the Innovations that Have Made Us Beautiful. New York, NY: Crown Publishing Group. s. 36–60. ISBN 0-7679-1451-1. 
  10. «The Slightly Gross Origins of Lipstick». InventorSpot. Henta 9. februar 2010.