Sminke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein sminkør påfører sminke.
Sminking av kropp og andlet til danseforma theyyam frå Kerala.

Sminke eller makeup er hudpreparat som ein bruker til venleiksmiddel eller maskering. Sminke er ei form for kosmetikk, og blir brukt på ulike delar av andletet og i visse samanhengar elles på kroppen for å endra og/eller forbetra utsjånaden til beraren. Ein kan nytta sminke i samband med framføringar (til dømes teatersminke) eller i andre samanhengar der ein viser seg framfor andre menneske. Når andre delar av kroppen blir dekorert nyttar ein nemninga kroppsmåling. Meir omfattande eller permanent kroppsornamentikk kan ein kalla kroppskunst, tatovering og piercing.[1]

Sminke blir svært ofte nytta når nokon skal opptre framfor andre, til dømes på teater, film og TV. Ein kan òg «sminka» hår gjennom at det blir farga på ulike måtar og blir sett opp i ulike frisyrar. Sminking kan òg nyttast for å endra utsjånaden drastisk, til dømes for å skapa arr, skader eller for skodespelaren til å sjå eldre eller yngre ut.[2]

I alle tider har menneske måla seg på ulike måtar, til ulike formål. Blant mange ulike folkeslag har ein tradisjonelt måla kroppen med oker. I vesten i dag er ein sparsam i fargebruken, og sminkar mest for å få ansiktstrekk til å framstå som vakrare på ein naturleg måte.[3] Dagens sminkeprodukt er meir forfina og finst i fleire tilreidde former. Fordi moten har endra seg treng ein i dag svært god presisjon om ein skal følgja den rådande sminketeknologien.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bruk av sminke har vore ulik ikkje berre mellom ulike kjønn, men òg mellom klasser, land, sminkeslag og fargar. Dei fyrste som måla seg trur ein var menn, sidan menn gjerne dreiv jakt og kriga mot framande grupper. Ved krigføring har soldatar gjerne måla seg for å skjula seg med kamuflasje, eller for å inspirera skrekk hjå motstandaren.

I det sumeriske riket (5000. f. Kr.) og dei påfølgjande babyloniske og assyriske rika (600. f. Kr.) sminka både menn og kvinner seg kraftig.

Ein byrja laga sminke i større skala i Assyria og òg i det gamle Egypt, og preparata var overraskande like dagens produkt. Egyptiske kvinner måla ringar rundt augo med kol og hadde turkis augeskugge laga av grøn kopar og bly. Lepar og kinn blei farga med rouge av pulverisert leire. Handflater og fotsolar blei farga rosa med hjelp av henna, det same blei tær og neglar. Høgætta menn og kvinner gnei inn kroppane sine med krydra og velluktande oljer.

På denne tida barberte menn hovuda sine og bar i staden kunstnarleg klipte og ornamenterte parykkar. Ved utgravingar av gamle egyptiske graver har ein funne diverse spor av sminkekulturen deira, som fint tilverka krukker for kosmetikk, nokre av dei med spor av salver att. Ein fann òg små skeier, palettar, skåler og mortarstøytarar som var nytta til å måla, blanda og påføra sminke. Andre funn er ornamenterte behaldarar (vakkert utsmykka esker) for kolstift og augeskugge, parfymeboksar med juvelar og dessutan metallspeglar og hårreiskapar som kammar og krølltenger.

I Roma i antikken nytta ein ofte sterke bleikemiddel og hårfarger så mykje at folk blei skalla. Det var òg populært å nytta eit blykvitt pudder som blei lagt i eit tjukt lag i andletet, på halsen, akslar, armar og bryst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "kroppssmyckning". NE.se. Läst 3 oktober 2013.
  2. jamiprogram. «Smink för TV, film och teater – Jamiprogram.se» (på svensk). Henta 28. mai 2023. 
  3. «Smink». Tekniska museet (på svensk). Henta 28. mai 2023. 
  4. «Olika sminktekniker: upptäck hemligheter från skönhetsvärlden • The Beauty Room» (på svensk). 28. mars 2023. Henta 28. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sminke