Leppestift
Leppestift (også kalla lebestift) er eit sminkeprodukt som ein bruker til å farga leppene med. Det er som regel ei fargestift som inneheld pigment, olje, voks og blautgjerande middel. Ein kan også måla farge på leppene, men slike produkt blir i dag gjerne kalla lipgloss.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I det gamle Sumer og Assyria, for rundt 5000 år sidan, brukte menn og kvinner å farga leppene raude. Dei knuste farga steinar til pulver og kunne blanda dei med kvitt bly. Folk kunne gravleggjast med leppefargane sine lagra i haldarar av skjel.[1] Det er også funne leppefarge frå Induskulturen, for rundt 4000 til 3000 år sidan.[2] I det gamle Egypt brukte menn og kvinner fargestoff som oker som kunne vera blanda med kvae og parfyme til å farga leppene raude, oransje, sterkt rosa eller blåsvarte.[1] Oker er også blitt brukt av aboriginarjenter i Australia til å farga leppene raude i samband med overgangsrituale.[3]
Under den islamske gullalderen fann kosmetikaren Abu al-Qasim al-Zahrawi (Abulcasis) frå Al-Andalus opp den faste leppestiften. Denne var laga i former og parfymert, og blei skildra i verket hans Al-Tasrif.[1] Kinesarar laga tidlege leppestifter av bivoks for over tusen år sidan. Under Tang-dynastiet (618-907) blei desse laga med velduftande oljer.
På 1500-talet blei det vanlegare å farga leppene i England, med ei blanding av bivoks eller gummi arabicum og raudfargar frå plantar eller Cochenillelus-insekt. Dronning Elisabet I gjorde at sterkt raude lepper mot eit kvitfarga fjes kom på moten.[4] Det var likevel berre kvinner frå overklassen og mannlege skodespelarar som brukte sminke.[5] På 1600-talet blei leppefarging forkasta av kyrkja for å forandra Guds skaparverk, og i 1770 vedtok det parlamentet ein lov som knytte skikken til hekseri.[6] Lenge blei lepper berre farga av skodepelarar på scena.[7][8] Ved slutten av 1800-talet byrja den kjende skodespelaren Sarah Bernhardt å bruka leppestift og rouge også offentleg.[9]:36
Ved slutten av 1800-talet byrja det franske kosmetikkselskapet Guerlain å laga leppestift. Den første kommersielle leppestiften blei funnen opp i Paris i 1884. Han var laga av bivoks, hjortetalg og lakserolje og dekt av silkepapir.[10] Rundt 1915 byrja ein å selja leppestifter som kunne pressast opp i metallhaldarar.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Schaffer, Sarah (2006), Reading Our Lips: The History of Lipstick Regulation in Western Seats of Power (PDF), Digital Access to Scholarship at Harvard
- ↑ Yona Williams. Ancient Indus Valley: Food, Clothing & Transportation.
- ↑ Richards, Beth (1994). «Blood of the Moon». Herizons: 28.
- ↑ Elizabethan Makeup, elizabethancostume.net
- ↑ «Elizabethan Make-up». Elizabethanera. org.uk. Henta 9. februar 2010.
- ↑ Conway, Susannah (3. januar 1999). «Fashion: The History of... Lipstick – Lip-Smackers Good». London: The Independent (U.K.). Henta 9. februar 2010.
- ↑ 7,0 7,1 «A Brief History of Lipstick». Enjoy Your Style. Henta 2. september 2010.
- ↑ «How Lipstick Works». Discovery Health. Henta 2. september 2010.
- ↑ Riordan, Theresa (10. mai 2004). Inventing Beauty: A History of the Innovations that Have Made Us Beautiful. New York, NY: Crown Publishing Group. s. 36–60. ISBN 0-7679-1451-1.
- ↑ «The Slightly Gross Origins of Lipstick». InventorSpot. Henta 9. februar 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Lipstick» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2018.