Lesley Roy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesley Roy
Lesley Roy.jpg
Fødd17. september 1986 (36 år)
FødestadBalbriggan
OpphavIrland
Aktiv2008–
Sjangeralternativ rock, pop, rock
Instrumentgitar
Stemmetypealt
PlateselskapJive
Verka somsinger-songwriter, gitarist, songar, komponist

Lesley Roy (fødd 17. september 1986[1]) er ein irsk songar og låtskrivar frå Balbriggan. Roy skreiv fyrst platekontrakt med eit uavhengig irsk selskap, men skreiv så i 2006 kontrakt med den amerikanske merket Jive Records. To år etter slapp ho debutalbumet Unbeautiful, som var produsert av Max Martin. Seinare fokuserte ho på låtskriving, og vart lagd merke til av Marc Jordan, manageren som har fått æra for gjennombrotet til Rihanna, og eigaren av Rebel One Management & Publishing. Som låtskrivar har Roy hatt internasjonal suksess etter å ha levert songar til artistar som Adam Lambert, Sanne Hans, Medina og Jana Kramer. Roy skulle representert Irland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Story of My Life», men tevlinga vart avlyst. Ho fekk i staden representere Irland i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Maps».[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Roy vart fødd i 1986 og vaks opp i Balbriggan. Mora hennar var songar, og Roy sjølv starta å spele gitar som sjuåring. Då ho var elleve, fekk ho sin eigen gitar og byrja å skrive songar.[3] Som 15-åring spelte ho inn songar og spelte inn nokre demoar med ein lokal produsent. Til slutt signerte Roy platekontrakt med det uavhengige irske plateselskapet Religion Music label.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart la Jive Records merke til Roy sin musikk på musikknettstaden HitQuarters, og gjekk med på å medfinansiere det første albumet hennar, Unbeautiful, som vart utgjeve 30. september 2008.[3] Albumet nådde ein femteplass på Billboard si Top Heatseekers-liste, og vart produsert av Max Martin.[4] I 2009 var Roy støtteartist under 32-byersturneen for den amerikanske Idol-deltakaren David Archuleta.

Sidan har Roy satsa på ein karriere som låtskrivar, og har levert låt til artistar som Adam Lambert, Miss Montreal, Medina, Jana Kramer, Marlee Scott og Deorro.[5]

5. mars 2020 kunngjorde den irske kringkastaren RTÉ at dei hadde vald Roy til å representere Irland i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Story of My Life».[6] Ho skulle ha opptredd i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2020.[5] På grunn av koronavirusutbrotet i 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7]

I staden tilbaud RTÉ ho oppdraget på ny året etter. Ho fekk dimed representere Irland i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Maps».[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 – Unbeautiful

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 – «I'm Gone, I'm Going»
  • 2008 – «Unbeautiful»
  • 2016 – «Hang On»
  • 2016 – «Blood on Your Hands»
  • 2016 – «Free the Flame (Ember Moon)»
  • 2020 – «Story of My Life»
  • 2020 – «Gold»
  • 2021 – «Maps»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin, Megan (6. mars 2020). «Lesley Roy gushes about her nine year marriage to American wife». Henta 10. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Lesley Roy's story continues for Ireland» (på engelsk). 17. desember 2020. Henta 18. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 Leggett, Steve. «Lesley Roy Biography». AllMusic. Henta 21. juni 2008. 
  4. «Glenn Herlihy interview». HitQuarters. Henta 2. mars 2010. 
  5. 5,0 5,1 «Ireland's eyes on Eurovision glory this year with Lesley Roy». eurovision.tv. 5. mars 2020. Henta 5. mars 2020. 
  6. «Lesley Roy will wave the Irish flag at Eurovision 2020 with the song "Story Of My Life"». 5. mars 2020. Henta 5. mars 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.