Licitar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Licitarhjarte

Licitar (kroatisk fleirtalsform: licitari) er eit tradisjonelt hjarteforma bakverk frå Zagreb og det nordlege Kroatia. Dei vert ofte gjevne som ei dekorativ gåve ved spesielle høgtider som vigsel, valentinsdagen og fødselsdagar. Licitarhjarte er også ein vanleg juledekorasjon som ein heng i juletreet ved jul i Kroatia.

I 2010 blei produksjonsprosessen av licitarhjarte i nordlege Kroatia ført opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonen med å lage licitarar har røter tilbake i mellomalderen. Licitarprodusentane blei kalla medičari og var høgt akta i samfunnet. Produksjonsprosessen gjekk vidare frå generasjon til generasjon og var opphavleg mannsarbeid.[1] Tradisjonen blei kjend og spreidd over heile Kroatia etter at mange katolske pilegrimar førte med seg licitarar heim etter å ha valfarta til Marija Bistrica der lokale produsentar selde dei til gjestane.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «UNESCO - Intangible Heritage Home». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 10. juli 2023. 
  2. 2,0 2,1 «UNESCO - Gingerbread craft from Northern Croatia». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 10. juli 2023.