Liepājasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liepājasjøen
innsjø
Liepaja Lake.jpg
Land Flag of Latvia.svg Latvia
Tilsig Bārta, Ālande, Otaņķe
Høgd over havet 0-2 moh.
Lengd 16,2 km
Areal 37,15 km²
Middeldjupn 2,0 m
Største djupn 3,0 m
Kystlengd1 44,6 km
Koordinatar 56°29′N 21°03′EKoordinatar: 56°29′N 21°03′E
Øyar 13
Byar Liepāja

Liepājasjøen
56°28′0″ N 21°4′0″ E
Wikimedia Commons: Liepājas ezers
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Liepājasjøen (latvisk Liepājas ezers) er den femte største innsjøen i Latvia. Han ligg ved Liepāja i Liepāja fylke. Innsjøen har eit areal på 37,15 km² ei lengd på 16 km, men er ikkje meir enn 2 meter djup.

Liepājasjøen er ein grunn, eutrofisk kystinnsjø der store område av han er dekte av vegetasjon. Rundt innsjøen ligg oversvømde enger og dyrkande mark. Påler og demningar ligg rundt det meste av våtmarksområdet. Ein finn fjorten fiskeartar i innsjøen - gjedde, mort, åbor, brasme, karuss, suter, ål, vimba, lake, karpe, gjørs, nors, skredderkarpe og sørv. Fiske er berre lovleg i mai. Frå 1977 til 1999 var innsjøen eit fuglereservat med to fugleartar – svane og and.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Liepāja har 13 øyar og dei viktigaste av desse er Atteku(-as), Zirgu, Pērkona, Putnu (kalva) og Ciānas. På austsida ligg skogen Friča og på vestsida nær Pērkone ligg Reiņuskogen (latvisk Reiņu mežs).

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Av elvar som munnar ut i innsjøen finn ein Ālande, Bārta, Otaņķe (Brūnupe), Līčupe, Orbupe og Dorupe.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]