County Limerick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
County Limerick
Contae Luimnigh
Plasseringa til County Limerick på Irland
Statistikk
Provins: Munster
Hovudby: Limerick
Bilnummer: LK
Areal: 2 686 km²
Folketal (2006): 183 863
Folketettleik: 68 /km²
Nettside: www.limerickcoco.ie

County Limerick (irsk Contae Luimnigh) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster.

County Limerick grensar til Clare i nord, Tipperary i aust og Cork i sør og Kerry i vest.

Elva Shannon renn gjennom administrasjonsbyen Limerick og ut i Atlanterhavet via Shannon-estuaret. Limerick by vert administrert separat som grevskapsdistriktet City of Limerick.

Sidan Shannon-estuaret utanfor Limerick by er særs grunn, ligg grevskapet si viktigaste hamn ved Foynes.

Grevskapet har eit universitet i Limerick by, University of Limerick. Det var opphavet ein teknisk høgskule som har vorte utvida.

Limerick ligg nær Shannon International Airport i Clare.

Byar og landsbyar i County Limerick[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]