Limfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°55′58.753″N 9°3′59.281″E

Limfjorden er eit sund mellom Nørrejyske Ø ('Den nordjyske øya') og Jylland.
Limfjorden gjennom Aalborg.
Limfjordsbroen er ei bru mellom den luten av byen Aalborg som ligg på fastlandet og den luten av byen, kalla Nørresundby, som ligg på Nørrejyske Ø.

Limfjorden er eit 180 kilometer langt sund tvers gjennom det nordlege Jylland i Danmark, mellom Nordsjøen og Kattegat. Luten nord for Limfjorden er soleis ei øy, Nørrejyske Ø ('Den nordjyske øya'), som vert avgrensa i sør av Limfjorden. Denne øya er den nest største av øyane i Danmark; Sjælland er den største.

Limfjorden er grunn, berre ikring ti meter djup. På det djupaste, i Hvalpsund, er det er 24 meter til botnen. Den austlege luten av Limfjorden er smal og liknar ei brei elv, medan den vestlege luten er mykje breiare og har fleire små og store øyar, den største av dei er Mors, og er elles kjenneteikna av breie bukter og sjøområde som har samband med resten av fjorden gjennom tronge sund.

I dei seinaste 2000 til 1000 åra har både landhevinga etter siste istida og store avleiringar av sand lukka dei store opningane som tidlegare gav Limfjorden samband med Nordsjøen, og soleis i røynda gjort Limfjorden til ein ekte fjord med innlaup i aust, dersom det ikkje hadde vore gjort tiltak for å halde ope sambandet til Nordsjøen i vest på kunstig vis. Mot vest går Oddsund frå Venø Bugt fram til Nissum Bredning, som var avsperra frå Nordsjøen av Aggers Tange fram til ein stormflod 1825 braut gjennom og lagde opning til havet. Men denne opninga sanda att, og for å halde ei opning til havet i vest intakt, vart det satsa på vedlikehald og utbygging av den om lag ein kilometer breie Thyborøn Kanal, som på same vis hadde laga seg sjølv ved ein stormflod i 1862. Frå 1870-åra har det vore gjort mykje for å halde denne kanalen open som seglbart samband mellom Limfjorden og Nordsjøen, då kanalen ikkje er utsett for å verte sanda til på strekninga frå havet og inn til Thyborøn Havn, og skal her ha ei djupne på seks meter. Men på strekninga derfrå og inn mot Limfjorden fører stormar frå vest til ei omfattande tilsanding som krev mottiltak. På denne strekninga vert det sørgåande Sælhundeholmsløb halde utdjupa til fire meters djupne.

Namnet Limfjorden[endre | endre wikiteksten]

Førstelekken lim i namnet Limfjorden referere seg til ordet lim i tydinga kalk, og har vore i bruk på 800-talet i forma Limfirði, om lag år 1200 som Lymicum mare, Lymfiorthinum fretum, som tyder 'Limhavet' og 'Limfjordsstrædet'. På sine stader langs Limfjorden finst mykje kalkstein som mellom anna har vore nytta i sementproduksjonen i fabrikkar i Aalborg.

Faste veg- og jernbanesamband over Limfjorden[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]