Thy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thy
region
Klithede i Nationalpark Thy i Hanstholm-reservatet i Thy.
Land  Danmark
Kart
Thy
56°53′00″N 8°28′00″E / 56.883333°N 8.466667°E / 56.883333; 8.466667

Thy er eit område på Nordvestjylland i Region Nordjylland. Det ligg på Nørrejyske Ø ('Den nordjyske øya'), som er den luten av Jylland som ligg nord for Limfjorden, og som er den nest største øya i Danmark, etter Sjælland. Thisted er hovedby i Thy.

Thy er ikkje ei administrativ eining, men vert til liks med andre danske historiske landskaber definert av tradisjonelle grenser etter kriteria som kan vere ulike frå landskap til landskap. Namnet Thy kjem truleg av det norrøne ordet þjóð, som tyder 'folk'. I Kong Valdemars Jordebog frå 1201, som er den første matrikulering av jordeigedomane i Danmark for å skattleggje dei, finst namna Thiud og Thiuthæ sysæl (Thysyssel).

Thy er i nord og vest avgrensa av havet; mod nordaust av Østerild Fjord, Arup Vejle (ein tidlegare fjordarm av Limfjorden som no er ein grunn sjø) og Tømmerby Fjord. Mot aust er Thy skild frå øya Mors i Limfjorden av Thisted Bredning (bredning er ein sjø som står i samband med havet eller andre bredningar ved smale sund), Vilsund, Gudnæs Bredning, Visby Bredning og Nees Sund. Mot sør er Thy avgrensa frå Hardsyssel av Oddesund, Nissum Bredning og Thyborøn Kanal eller Harboør Tange.

Opphavleg var Thy ei øy for seg sjølv, men på grunn av at landet heva seg, har Thy vakse saman med det området som vert kalla Vendsyssel, og har frå om lag år 1100 og fram til 1825 vore landfast med resten av Jylland ved Agger Tange, då ei stormflod braut gjennom Agger Tange og laga Aggerkanalen.

Den vestlege parten av Thy er Danmarks første nasjonalpark, kalla Nationalpark Thy. Nasjonalparken er på meir enn 244 rutekilometer og strekkjer seg frå fyret i Hanstholm i nord til Agger Tange i sør, og er avgrensa mot vest av havet og mot aust av dyrka mark og anna jordbruksområde. Terrenget i nasjonalparken er forma av vindens handsaming av den lause sanden i området, og er ei verdfull blanding av kystlandskap med klitter, som er sandbakker danna av vinden, og klithede, som er stabile, kalkfattige klitter med krekling, lyng og dvergbuskvegetasjon, opne vidder, myr og vatn. Samspelet mellom områdets natur og områdets kultursoge er mellom dei berande ideane attom skipinga av nasjonalparken i Thy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]