Linares
Linares | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Andalucía | ||
Provins | Jaén | ||
Del av | Linares Notary District, Q107553425, Sierra Morena | ||
Høgd | 419 m | ||
Areal | 197,5 km² | ||
Folketal | 55 261 (2024) | ||
Postnummer | 23700 | ||
![]() Linares 38°06′00″N 3°38′00″W / 38.1°N 3.633333°W | |||
Wikimedia Commons: Linares |
Linares er ein by i provinsen Jaén i Andalucía i Spania. Han er den nest største byen i provinsen med kring 60 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 400 meter over havet, 51 km frå provinshovudstaden Jaén.[1]
Linares har ei historie som går tilbake til antikken og i denne tida låg det blygruver nær byen. Det var òg her at den kartagiske generalen Hannibal gifta seg med den lokale iberiske prinsessa Himilce mot slutten av den andre punarkrigen.
![]() Foto: Óscar Javier García Baudet |
Rundt midten av 1800-talet vart Linares igjen eit viktig gruvesenter med blygruver i nærleiken. Dette medførte stor folkeauke frå kring 6000 i 1849 til 36 000 i 1877. Gruvedrifta og handsaming av bly var ein stor industri byen fram til nyleg i lag med produksjon av krut, dynamitt og tau lokale næringar. Den siste gruva vart stengd i 1991. I dag vert det produsert terrengbilar for den spanske hæren i byen. Det finst òg fabrikkar som produserer tog (CAF), komponentar for vindturbinar og biodiesel.
Kvart år vert Linares sjakkturnering halde i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Linares, Jaén» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: