Hopp til innhald

Biodiesel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biodiesel

Biodiesel er eit drivstoff framstilt av planteoljer eller dyrefeitt.

Framstilling

[endre | endre wikiteksten]
Biodieselbruk i EU (GWh)[1]
No Land 2005 2006 2007
1 Tyskland180032944734395
2 Frankrike4003685513506
3 Austerrike92038784270
4 Storbritannia29215333148
5 Spania2706293031
6 Portugal28181 847
7 Italia20001 321621
8 Sverige975231158
9 Belgia0101061
10 Hellas32540940
11 Bulgaria-96539
12 Litauen87162477
13 Luxembourg76397
14 Tsjekkia33213380
15 Polen152491180
16 Slovenia5848151
17 Republikken Irland9827
18 Latvia29170
19 Ungarn040
20 Danmark000
21 Nederland0172n.a.
22 Slovenia110149n.a.
23 Romania-32n.a.
24 Malta810n.a.
25 Finland00n.a.
26 Estland07n.a.
27 Kypros00n.a.
27EU 261104738067154
1 toe = 11 63 MWh n.a. = not available

Biodiesel vert framstilt ved at feittet vert blanda med 10 % metanol, og i ein kjemisk reaksjon vert feittet omdanna til ein metylester. Det finst ulike slag biodiesel: Rapsmetylester eller RME-biodiesel er framstilt med rapsolje som råstoff, medan FAME-biodiesel (FAME =FattyAcidMethylEster) vert framstilt av til dømes destruksjonsfeitt, slakteriavfall, tallolje, fiskeolje eller brukt steikefeitt.


Annangenerasjons biodiesel

[endre | endre wikiteksten]

Bioetanol og biodiesel produsert av olje-, sukker- eller stivelsesrike jordbruksvekstar vert kalla førstegenerasjon biodrivstoff. Ein meiner at biodrivstoffet i framtida vil bli produsert ut frå cellulosehaldig biomasse, og det vert kalla annangenerasjons biodrivstoff. Slikt biodrivstoff kan bli produsert av trevirke, treavfall, halm, grasvekstar m.m.

Enno finst det ingen fullskala kommersielle produksjonsanlegg for annangenerasjons biodrivstoff.[2]

Tekniske eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste dieselmotorar kan køyrast på diesel innblanda inntil 5 % biodiesel utan at motoren tar skade av det. Høgre konsentrasjonar kan gje problem, spesielt for eldre motorar, sidan biodieselen løyser opp slam i tanken og slangesystemet. Berre nokre få motorprodusentar tør garantere at motoren kan køyrast på rein biodiesel. Biodiesel har noko lågare energitettleik enn ordinær diesel. Ein må difor rekne med noko høgre forbruk ved overgang til biodiesel.

Miljøgevinst

[endre | endre wikiteksten]

Sidan energien i planteoljar kjem frå plantar som igjen har bunde energien gjennom fotosyntese, er bruk av biodiesel produsert på basis av plantefeitt i prinsippet CO2-nøytralt.

Miljøgevinsten ved bruk av biodiesel er avhengig av framstillingsmåten, herunder kor mykje energi som er brukt til framstilling av råstoffet, om det er bruka kunstgjødsel m.v.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Biofuels barometer 2008 - EurObserv’ER Arkivert 2011-09-29 ved Wayback Machine. Systèmes solaires Le journal des énergies renouvelables n° 185, p. 49-66, 6/2008
  2. SFT Spørsmål og svar[daud lenkje]