Lisa Teige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lisa Teige
Fødd19. januar 1998 (26 år)
FødestadBergen
Aktive år2015–
Verka somskodespelar, dansar

Lisa Teige (fødd 19. januar 1998) er ein norsk skodespelar og dansar frå Ytrebygda i Bergen. Teige har gått på danselinja ved Edvard Munch videregående skole i Oslo.[1]

Hausten 2015 vart Teige kjend då ho spelte hovudrolla i fyrste sesong av NRK-dramaserien Skam som karakteren Eva Kviig Mohn. Serien handlar om ungdom som går på Hartvig Nissens skole i Oslo.[2] I 2018 spelte ho hovudrolla som Amalie i dansefilmen Battle.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Skam»-Eva danser i Bergen». Bergens Tidende. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 25. november 2021. 
  2. «Om serien | Skam - P3.no». NRK P3. 
  3. «Battle». Henta 27. juli 2020.