Edvard Munch videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Edvard Munch videregående skole er ein kommunal vidaregåande skule i Oslo som opna 17. august 2015 i dei lokala i Ullevålsveien 5 som fram til 2010 vart nytta av Statens håndverks- og kunstindustriskole. Denne monumental teglsteinsbygningen vart teikna av arkitekt Bredo Greve for å hyse Statens håndverks- og kunstindustriskole, og stod ferdig i 1903. Bygningen vart ombygd til vidaregåande skule innvendig etter teikningar av FuthArk arkitekter AS, medan fasadane mot gatene er uendra.

Edvard Munch videregående skole har namn etter kunstmålaren Edvard Munch, jamvel om Edvard Munch ikkje kan setjast i samband med skulen på noko vis. Namngjeinga fylgjer ein trend i tida som gjeng ut på å heidre vidgjetne born av byen ved å kalla opp skular etter dei, slik det allereie er gjort til dømes i Bergen ved at det der er bygd heilt nye vidaregåande skular som har fått namn etter Nordahl Grieg og Amalie Skram. Edvard Munch videregående skole har som mål å gje elevane høve til å kombinere interesser og talent med karrierevegar ved mellom anna å setje studiespesialiseringsfag saman med estetiske fag.