Lise Karlsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lise Karlsnes

Fødd27. november 1979 (44 år)
FødestadTønsberg
OpphavNoreg
Aktiv1999–
Sjangerpop, elektropop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Lise Karlsnes (fødd 27. november 1979 i Tønsberg) er ein norsk musikar kjend som vokalist i gruppa Briskeby. Ho har òg hatt ein solokarriere.[1]

Karlsnes vart med i Briskeby i 1999 og fekk sitt store gjennombrot året etter med songen «Propaganda».[2] Gruppa vart tildelt fire prisar under Spellemannprisen 2000. Dei vart oppløyst i 2005, men gjenforeint i 2015. Suksessen dei hadde i 2000-åra uteblei likevel.[3]

I 2010 gav ho ut sin fyrste solosingel; «Forty Nights», under namnet «Lise Of The Woods». I 2012 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Sailors» som ho hadde skrive saman med Thomas Eriksen. «Sailors» vart utgjeven på albumet Dance or Die i 2012. Albumet vart produsert av Thomas Eriksen. Sidan den gongen har ho hatt nokre små opptredenar med andre artistar, men det har generelt vore lite musikkproduksjon.[2]

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 2007 designa ho sin eigen kolleksjon med 70-talsinspirerte solbriller i samarbeid med Krogh optikk på Majorstua.[4][5] I 2010 gjekk ho på catwalken under Oslo Fashion Week.[2]

I 2016 hadde ho ei birolle i filmen Børning 2, i 2018 deltok ho i sceneshowet BeatlesChat Noir og i 2020 var ho deltakar i realityserien Kompani Lauritzen.[6]

I 2017 starta ho å studera psykologi og har som uttalt mål å jobba med gestaltterapi.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lise Karlsnes», Discogs (på engelsk), henta 24. november 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Lise Karlsnes var åpen om angsten - nå skal hun hjelpe andre i samme situasjon» (på norsk). 2020. Henta 13. oktober 2020. 
  3. Pedersen, Ruben (19. april 2018). «- Aldri kjent på savnet etter barn» (på norsk). Henta 13. oktober 2020. 
  4. Egeland, Jorunn (22. mars 2007). «- Har et utfordrende ansikt» (på norsk). Henta 13. oktober 2020. 
  5. «Briskeby-briller - Henne.no : Aktuelt». 28. oktober 2007. Arkivert frå originalen 28. oktober 2007. Henta 13. oktober 2020. 
  6. «Nytt Beatles-show: 60-tallsnostalgi de luxe» (på norsk bokmål). 2018. Henta 13. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lise Karlsnes