Liseberg
Utsjånad



Liseberg er ein moropark i Göteborg i Sverige som opna i 1923 og i dag er den største i Norden. Parken er eigd og vert drive av Göteborgs kommun ved eit aksjeselskap, og vert normalt halde open frå sist i april til midt i oktober, og dessutan med jolemarknad i november-desember.
Nokre av attraksjonane
[endre | endre wikiteksten]- «Lisebergsloopen»
- «Balder», berg- og dalbane i trekonstruksjon
- «AeroSpin», fly som roterer etter flygarens eigen smak
- «Atmosfear», eit 116 meter høgt tårn som publikum vert heist opp i på utsida i ei sirkelforma konstruksjon, for deretter å falle fritt ned i tre sekund før oppbremsing.
- «Kanonen» berg- og dalbane
- «Lisebergbanan», berg- og dalbane i åssida på Liseberg. 21. juli 2006 vart 21 personar skadd i ein kollisjon som fylgje av at kjettingen som dreg toga opp ein bakke rauk
- Pariserhjulet «Lisebergs-hjulet», som opphavleg heitte Göteborgshjulet og stod på Kanaltorget
- «Sagoslottet» («Eventyr-slottet») med gondolar som går gjennom ulike tablå som representer eventyra Peter Pan, Aladdin, Alice i Eventyrland, Keisarens nye klede, Tornerose og Askepott.
- «Slänggungan» («sleng-huska» eller «sleng-dissa»)
- «Uppswinget»