Moropark

Ein moropark, eller eit tivoli, er ein park med underhaldande attraksjonar som karusellar, berg-og-dal-baner, rutsjebaner, lotterispel og anna. Ordet tivoli kjem av den italienske byen Tivoli som vart kjend for hageanlegga sine.
Ein moropark som er basert på eitt eller flere tema vert kalla ein temapark. Typiske døme på temaparkar er Disneyland i California, Legoland og Kaptein Sabeltanns verden. Den siste er eit underhaldningsanlegg i Kristiansand Dyrepark. Ein moropark som har barnefamiliar som målgruppe, vert gjerne kalla ein familiepark. Attraksjonane her er ofte meint for både små og store.
Kjende moroparkar[endre | endre wikiteksten]
- Bobbejaanland i Belgia
- Bø Sommarland i Telemark
- Europa-park i Tyskland
- Gröna Lund i Stockholm
- Gorkijparken i Moskva
- Heide-Park i Tyskland
- Kongeparken i Ålgård
- Kristiansand Dyrepark
- Liseberg i Göteborg
- Tivoli i København
- Moroparken Tusenfryd på Vinterbro
Norske familieparkar[endre | endre wikiteksten]
- Hunderfossen familiepark i Gudbrandsdalen
- Mikkelparken i Kinsarvik i Hardanger [1]
- Namsskogan familiepark
Sesongtider[endre | endre wikiteksten]
Etter internasjonal standard opnar alle moroparkane den siste helga i april, anten på laurdagen eller sundagen. Sesongavslutninga vert derimot fritt bestemt av kvar enkelt park, men det tradisjonelle er å stengja etter haustferien.
Historiske parkar[endre | endre wikiteksten]
Christiania Tivolis hadde mellom anna Cirkusbygningen (1890-1935).[2]
Sjå også[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Mikkelparken si nettside
- ↑ «Levende mennesker og dyr fra Afrika var blant attraksjonene som ble vist fram», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 16. november 2019
- Denne artikkelen bygger på «Moropark» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2015.