Ljudmila Bragina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljudmila Bragina
Lyudmila Bragina 1972.jpg
Fødd 24. juli 1943
Jekaterinburg
Yrke mellomdistanseløper

Ljudmila Ivanovna Bragina[a] (fødd 24. juli 1943) er ein russisk tidlegare mellom- og langdistanseløpar som tevla for Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 1500 meter i 1972, og sette fleire verdsrekordar på både 1500 m og 3000 m i tida 1972-76-

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bragina vart nummer seks på 1500 m i EM i friidrett 1971 i Helsingfors. Året etter hadde ho store framgangar på distansen, og på den nye distansen over 3000 m. Ho sette verdsrekordar i begge; 4.06,9 og 8.53,0. I dei olympiske sommarleikane i München drog ho med seg nesten heile 1500-meterfeltet under den gamle verdsrekordtida. Sjølv vart ho på den nye verdsrekordtida 4.01,4 ein klar vinnar føre Gunhild Hoffmeister frå Aust-Tyskland.

Etter å ha forbetra sin eigen verdsrekord på 3000 m med tre tidels sekund til 8.52,7, var Bragina største favoritten på distansen i friidretts-EM 1974. Her vart ho derimot klart slått i spurten av Nina Holmén frå Finland, og måtte nøye seg med sølvmedaljen.

Den 7. august 1976 sprang Bragina inn på smått utrulege 8.27,2 på 3000 m og slo dermed Grete Waitz sin ferske verdsrekord på distansen med over 18 sekundar. Verdsrekorden til Bragina stod i seks år.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. kyrillisk skrift Людмила Ивановна Брагина

Kjelder[endre | endre wikiteksten]